| M Å N A D E N S B I L D E |
|
|
|
Under månadens bilde for
2010, har vi valgt og gå litt tilbake i tid. Vi vil sjå litt på bilar og
andre køyrety som har gått eller som har hatt tilknytning til øyane.
Køyrety som vert huska enten på grunn av sitt særpreg, eller på grunn av
si rolle i trafikken på øyane. Seaside Custom er svært interessert i å få låne bilder av gamle bilar, traktorar, bussar, lastebilar, mc osv, som har gått eller som har hatt tilknytting til øyane. Papirfoto er ingen problem!! Vi skanna bildet og leverer det tilbake. Ei ypperlig anledning til og få digitalisert eit gamalt foto. Ta turen opp på loftet, å leit i gamle bilder. Sjå om du finn bilder av køyrety frå ei svunnen tid!! Ta kontakt med Trond Ravnestad, eller send ditt bidrag til: trond@seasidecustom.com |
| A P R I L 2 0 1 0 |
![]() |
| 1964 RAMBLER CLASSIC 660 |
|
Dette er Rambleren som Inge Rogne kjøpte,
restaurerte og eigde frå 1971 til 1980,
og her er hans historie om bilen. Rambleren kom på øya som hjelpebil for busstransporten til Nogvas Auto v/Steinar Nogva. Årstalet er ukjent, men vil anta i slutten av 60-tallet. Steinar brukte Rambleren nokre år til den vart "frå-seg-sett" på Solheim der Steinar budde. Mener året var 1971, hadde begynt å kjøpe Amcar og fått en gryende intresse for amerikanske biler, og der stod den nokre hundre meter unna på nabo tunet. Handelen gikk i orden, 300 kr som var vrakpanten den gangen. Resturerings arbeidet startet med overhaling av motor og sjekk av det meste. Rambleren var klar til registrering i 73. Den ble brukt som kvardagsbil i flere år. Ferieturer og til og med to turer til Mantorp på dragrace. Rambleren ble solgt til Arvid Longva i 1980. Han hadde bilen en periode før den vart solgt til en kjøper på Østlandet. Videre historie er ukjent. |
|
|
| M A R S 2 0 1 0 |
![]() |
| 1964 VW BOBLE 1200/1500 |
|
Dette er folkevogna som Olav Arne Nogva eigde på slutten av 70-talet.
Han kjøpte den av Ola Karl i 1976 for kr 200,- då bilen sto bak løa hans og rusta. Olav Arne satte in ein 1500 motor med dubble forgassara, monterte Empi trim eksosanlegg, laga spoilera framme og bak av plate og glassfiber, lakka flammar og krusefiks på panseret med sprayboks, og køyrde rundt med lakka snudde felgar bak. Inne i bilen var der montert Clarion kasettspelar med 2v høgtalar og "dåselyd" som var bra på den tida!! Bobla ente sine dagar i ein fergekø på Harøya, ein tidleg morgon etter ein dans, då den vart påkøyrd bakfra og vart vrak. |
|
|
| F E B R U A R 2 0 1 0 |
![]() |
| 1963 OLDSMOBILE DYNAMIC 88 |
|
Dette er Oldsmobilen som Jan Petter Urke eigde på slutten av 70-talet,
og her er hans historie om bilen. Eg kjøpte den i Skudesneshavn på Karmøy rett før jul i 1978. Arvid Nogva og eg var med Henko på partråling i Nordsjøen og under ei landligge i Skudesneshavn kjøpte vi kvar sin bil av samme person. Arvid kjøpte en Ford Fairline 1965 mod. På heimvegen over Haukelidfjell var det snøstorm og kolonnekjøring. Først fekk Arvid problem med sin bil, så "bles" eg toppakninga på min bil. Heldigvis så var der reserve i bagasjerommet. På den tid så var vi ikkje NAF medlemmer så det måtte bli sjølhjelp. Vi lånte oss ei privat garasje kl.23 om kvelden (-15 grader) og toppakningane var skifta kl. 04 om natta. Da barst det rett på hotell for opptining og litt søvn før vi tok veien videre. Heim kom vi til slutt. Eg hadde bilen til våren 1980. Da selde eg den til en på Nordfjordeid. Grunnen til at eg selde den var at eg blei påkjørt bakfra (stod parkert ved kirka på Austnes) og bilen blei so skada at det var vanskeleg å få skaffa alle delene. Det var en veldig kjekk bil. Med dei smale rauene som var på den tid var der god plass til 4 framme og 4 bak. Ofte var vi fleire også (når den stod still sjølvsagt). Du veit, der det er hjarterom er det husrom. Ein gong bruvegen var stengt pga snøfokk (skavle) tok vi rennfart med Olsmobilen og åpna vegen for allminnelig ferdsel, det vart ei fola føyke!! |
|
|
| J A N U A R 2 0 1 0 |
![]() |
| SISTE FERGA |
|
Her ser du Karsten Stig Flem med Ford Consul, Frank Fugledal med Ford
17M, og bak disse står Ivar Per Flem med sin Ford Escort. Bilde er frå
fergekaia på Austnes tatt sommaren -82, der karane har fylt opp bilane
og møtt opp til den obligatoriske siste fergeavgangen. Eit fast innslag
og møteplass for ungdomen på denne tida. Karsten Stig kjøpte Consulen av
Magnar Longva i -82, ein -74 mod. 2.0l Aut. Han eigde bilen i 6-7år, då
var den oppbrukt! Frank kjøpte -69 mod Taunusen i Sulesund i -82, før
han hadde fått lappen. Bilen var importert frå Tyskland m/vinyltak og
rattgir. Frank bygde om til golvgir, trekte innertaket med leopardskinn
og dørsider med polstra stoff m/knappa, samt satte inn ein 2,8l motor.
Det var forøvrig med denne bilen Frank fekk "napp" hos Perny! "Taffa"
som Taunusen også vart kalla, blei solgt til ein Øystein i Brattvåg i
-84, og der etter til Bjørn Oddne. Bakerst står Ivar Per med sin -69 mod
Ford Escort 1100. Denne var først eigd av Ingemund Longva og der etter
Idar Flem før Ivar Per kjøpte den. Den var i hans eige frå 81-83, og
vart i løpet av denne tida lakka raud med "flake", av Sindre
Uri på Felgen Motor Klubb!! Ivar Per erstatta også fløyta med ei ringeklokke. Heilt til høgre i bildet står ein oransje Opel Kadett, med ukjent eigar. Kansje du veit kven som eigde denne?? |
|
|