|
Hei! Alle bil- og veteran interesserte!
Laurdag 16.juni inviterer Seaside Custom til
biltreff på Nordøyane, ved Nordøy Grendahus på Longva.
Vi ønskjer å samle
fleire med same interesse, og ha ei hyggeleg
stund med bilprat. Vi har ikkje arrangert treff
før, men håpar at det er
noko vi kan starte med, og ta at som eit årleg
arrangement om det er noko stemning for det.
Øyatreffet 2007 går av stabelen den 16.juni på
Longva
Kl.11.00-17.00. Vi har utstillingsplass ved Nordøy Grendahus.
NB: Ferge frå Skjelten 10.30 – retur frå Austnes
17.35 (Sjå fleire ruter på
www.fjord1.no)
Vi ønskjer at dei som har lyst tar turen denne dagen
for å treffe likesinna. Det er det same om du køyrer bil frå 30-talet
eller om du har "styla" en nesten ny bil. Om det er Amcar, Europeisk eller
Japansk spelar heller inga rolle. Gamle mopedar og motorsyklar er og
velkomne. Her er det interessa som står i fokus!!
Vi vil ha kiosk og mulighet for å trekke under tak om det skulle kome ei byge. Der er også ein butikk like i nærheita.
Vi har invitert dei lokale
bil- og veteranklubbane vi kjenner til, i håp om at mange av disse
medlemmane vil ta turen.
Her er nokre av dei klubbane vi har invitert:
- Nordmøre og Romsdal
Kjøretøyhistorisk Klubb (NRKK)
-
Indre Nordmøre
Veteranvognklubb (INVK)
-
Søre Sunnmøre Motorhistoriske
Klubb (SSMK)
-
Storfjorden Automobil Klubb
(SAK)
- Haram Gatebil (HG)
Her er eit bilde som viser område der treffet vil
holde stad.

Open Pub
For dei som ynskjer å tilbringe heile dagen og kvelden her ute på øyane,
så kan Gunnabuda på
Longva by på open pub der duoen
Frank & Tolle
spelar opp til dans.
Overnatting:
Om der skulle vere nokon som ynskjer dette,
så er her nokre alternativ.
-
Gunnabuda (Fullt)
-
Ulla fyr
-
Ulla havsport senter
- Sjur-Ola Sjøstover
Veibeskrivelse:
Ta ferja frå Skjelten (mellom Brattvåg og Søvik), sjå
ferjerute.
Køyr av ferja på Austnes på Haramsøy, følg så skilting mot Rogne.
Køyretida

frå Austnes er ca. 15 minutt.
Bilvask:
For dei som ynskjer og vaske bilen før dei stiller den ut, så
kan Longva Service Senter tilby vaskeplass for disse. Her vil bli tilgang
til bøtte og vatn, og du får også kjøpt diverse vaskeutstyr her.
Publikumsprisen:
Under treffen vil der bli muligheit for å kunne stemme på den
bilen du syns er finast (peoples choice) Og den lykkelige vinnaren av
denne kåringa vil kunne ta med seg dette flotte trofeet i bagasjen heim.
Sjå bilde av pokalen her:
Kontaktpersonar:
Harald Otterlei
Tlf: 91626574
Mail:
harald.otterlei@hprodukter.no
Trond Ravnestad
Tlf: 90014521
Mail:
trond.ravnestad@rolls-royce.com
|