|
Laurdag 16 juni, gjekk det aller første øyatreffet av
stabelen utanfor nordøy grendahus på Longva. Det vart ein større suksess
enn det nokon av oss i Seaside Custom turte og håpe på!! Det var ein spent
gjeng som starta og rigge til teltet og gjere klart til treffet allereie i
sjutida på morgonen. Vi visste lite om kor mange bilar og besøkande som
kom til å møte opp på det aller første øyatreffet. Lettelsen var stor då
det tikka inn ei melding på mobilen, i frå Øystein Bergheim som hadde køyrt i land
på fergekaia på Skjeltene, og kunne melde om at der sto mange flotte bilar
og venta på og få køyre ombord i ferga. Då kunne vi endelig senke
skuldrane, lykkelig vitande om at her kom folk på treffet!! Noko som ikkje
var så kjekt, var at ikkje alle bilane som ville delta på treffet fikk
plass på ferga, og måtte vente på neste avgang som var nesten tre timar
seinare. Desverre var der mange som ikkje orka vente så lenge og vende
nasa heim igjen. Dette er noko vi må finne ei løysing på til neste år, og
så vil vi takke dåkke
som møtte opp på fergekaia, men som ikkje kom med
ferga. Håpar dåkke likevel vil prøve igjen neste år!! Det varte ikkje lenge før
bilane i frå ferga kom i tur og orden inn på utstillingsplassen. Eit gledelig syn for oss som har stått på for å få til dette
treffet, og det var no berre og ønske dei tilreisande hjarteleg velkomen.
Utstillingsplassen vart fort fylt opp, og praten og stemninga ute blant
bilane var god. Ute på utstillingsplasse var der litt for ein kvar smak og
kvile auga på. Her var nye og gamle bilar, restaureringsobjekt, og bilar
som var restaurert til det perfekte.
Der var også ei lita avdeling for dei som berre hadde to hjul, og ut på
dagen dukka det også opp eit par gamle gode traktorar også.

Vi hadde alliert oss med 9.klasse i frå Haramsøy Ungdomsskule, som diska
opp med nysteikte vaffler og sjokolade kake, til inntekt for skuleturen dei
skal ha til neste år, medan oss i Seaside Custom kunne tilby kaffi, brus,
pølse m/brød og is. Vi vil rette ei stor takk til 9.klassen som hjelpte
oss med å drifte kiosken, og som enda opp med å selge våre varer også,
slik at vi kunne bruke tida på og bli betre kjent med dei oppmøtte ute på
plassen. Tusen takk for hjelpa!!

Veiret var upåklageleg, og sola skein i frå klar himmel, slik som bestilt,
men vinden var til tider litt i sterkaste laget. I halv to tida kom der
nokre fleire bilar i frå Haram Gatebil, og så kom Bjørn Sjøholt med sin
flotte Rolls-Royce i frå 1931. Han var ein av dei som ikkje kom med på den
første ferga, og hadde tolmodig venta i nesten 3 timar på fergekaia på
Skjeltene. Dette satte oss karane i Seaside Custom stor pris på, og som
plaster på såret fekk han servert gratis vaffle og kaffi!!

Ein publikumspris skulle delast ut denne dagen, og alle besøkande fekk
utdelt ein stemmeseddel kvar, slik at dei kunne avgi si stemme på kva
doning ein likte best. Det vart til slutt ein A Ford buss i frå 1928 "Brusdalsruten",
som drog det lengste strået og fekk med seg publikumsprisen heim.

Jann Edu i frå Haramsøya vart også ein lykkelig eigar av ei av våre
eksklusive t-skjorter, etter og ha vunne internett konkuransen vår, der
ein etter beste evne skulle "datastyle" ein Toyota Yaris av alle ting.
Dagen gikk i gode historier, og mykje bilprat og ut på ettermiddagen i
tretida starta dei første bilane og sige ut av plassen.

Nokon satte kursen mot fergekaia på Austnes, medan andre nytta høve til og
ta seg ein biltur rundt på øyane for å sjå seg omkring. Vi vil takke alle
som prøvde og møte opp, og alle som møtte opp og gjorde denne dagen til de
den blei, og etter og ha hatt ein så velukka start på dette arrangementet,
så er vi allereie i gang med å planlegge neste års treff!!

Vi har prøvd så godt vi kan å snappe opp ting som kan gjerast annaleis
eller betre, og kjem til å ta med oss disse erfaringane/innspela til neste
år. Håpar alle oppmøtte hadde ein like trivelig dag som oss karane i
Seaside Custom, og så snakkast vi igjen på Øyatreffet 2008!!
Sjå fleire bilder her
Sjå kva Haramsnytt skreiv om Øyatreffet.
Sjå kva Sunnmørsposten skreiv om Øyatreffet
Tekst/Foto: Trond Ravnestad
|