| S I S T E N Y T T Oppdatert: 25.06.08 |
NY
BIL I GARASJEN!!Frode har solgt Rover 100'en sin til Haramsøya, noko som førte til ein ledig plass i garasjen på Rogne. Øystein har hatt ein Volvo 142 ståande utanfor huset sitt i godt og vel eit år no, og no endelig får han den under tak. Her er nokre bilder av Volvoen!! Trond 25.06.08 |
|
|
BILTRALLE!!Då Guttorm Flem skulle selge biltralla si, beslutta Seaside Custom at ei biltralle kan være kjekt og ha tilgang på her ute på øyane, så vi kjøpte tralla av han. Planen er og kunne leige ut tralla til dei som treng dette, og som Seaside Custom medlem slepp du unda billegare enn ein ikkje medlem. |
Tralla
er i god teknisk stand, men treng ei overflate-behandling av noko slag på grunn av mykje overflate rust. Treng du og låne tralla så er det berre og ta kontakt med nokon i styret no i første omgang!! Trond 25.06.08 |
|
|
OPPSUMMERING
ETTER ØYATREFFET!!Tysdag 24.06.08, var det samling i customen, der vi fekk notert ned kva som var bra og det som kunne vore gjort beire på årets øyatreff, no medan det endå var friskt i minne. Det kom også fram ei rekke gode idear til neste års øyatreff!! |
Det
vart også tid til litt røling om heilt andre ting også!! |
Etterpå
gjekk Harald og leika seg med sin nyekonstruerte olabil!! Trond 25.06.08 |
|
|
ØYATREFFET
2008!!Då var Øyatreffet over for denne gang, og vi kan sjå tilbake på nok eit velykka arrangement forholda tatt i betrakning. Det dårlige været i forkant av treffet gjorde nok sitt til at ikkje så mange som forventa tok turen ut på øyane denne dagen, men dei som var der fekk oppleve fint veir, fine køyrety og god stemning på P-plassen utan for Rolls-Royce Aut. på Longva. Ca 30-40 køyrety var utstilt, og blant disse doningane fant ein trøbilar, traktorar, MC/mopedar, brannbil, bussar og bilar, som strekte seg i frå tidleg 20- tal til det mest moderne vi har i dag.... akkurat slik vi vil ha det her på øyatreffet. Eit rikt mangfald av køyrety, som betyr noko for dei heldige eigarane. SJÅ BILDER I FRÅ TREFFET HER!! |
RESULTAT
ØYATREFFET 2008Vinnar av rebusløpet: - Stig Rune Otterlei, Hilde Ulla Berg, Oskar Arne Berg og Alice Berg, i ein Volvo PV 544 Sport, 1962 mod. Vinnar av publikumsprisen: - Kjell Ulvestad, Heinkel 1957 mod. Vinnarar av topp 5: - Karen Gissinger, T-Ford 1922 mod. - Nils Idar Rogne, Pontiac Bonneville 1958 mod. - Helge Kjerstad Rogne, Honda Acura GS-R 1995 mod. - Jan Sandnes, Excalibur 1975 mod. - Kjell Ulvestad, Heinkel 1957 mod. Trond 23.06.08 |
|
|
VELKOMEN
TIL ØYATREFFET 2008!!Søndag 22.juni står Seaside Custom klar til å ta i mot deg på parkeringsplassen utanfor Rolls-Royce på Longva. Ta turen ut på øyane denne dagen, så byr vi på fine køyrety, rebusløp, omvisning på Rolls-Royce, kafeteria m/matservering og mange prisar som skal delast ut!!
Program Øyatreffet 2008
0800 Portane
åpnar.
Dette kan du ikkje gå glipp av!!
Hjarteleg velkomen!! NB!! Vi prøvar og få i stand ein vaskeplass for dei som ynskjer og vaske bilen før dei stiller ut!! MEIR INFO OM TREFFET HER!! Trond 20.06.08 |
|
|
VÅRSKJELVEN
2008!!I helga var det igjen tid for den årlige Vårskjelven, i regi NVMC, Norsk Veteranmotorsykkel Klubb avd Møre. Og i år feira NVMC avd. Møre 20års jubileum. Dei var samla på Skoglund Camping i Valldalen, og på laurdag hadde dei utflukt til Zakariasdammen. Eg tok weekenden på vogna i Valldalen denne helga, og fekk ikkje med meg så mykje av det som gjekk føre seg på dagtid, men laurdags kvelden var eg opp om campingen og fekk knipsa nokre bilder av syklane som var og sjå der!! Sunnmørsposten har skrive ein artikkel om treffet, og dei slik som eg vart sjarmert av denne flotte NSU mopeden som du ser på bildet. Les Sunnmørsposten sin artikkel her!! Sjå bilder i frå laurdag kveld her!! Trond 11.06.08 Foto: Kristin Maridal (Sunnmørsposten) |
|
|
AMCAR
TREFF HUNDERFOSSEN 2008!!I helga var det også amcar treff på Hunderfossen, og Seaside Custom var representer med Nils Idar sin Pontiac Bonneville, Jan Petter sin Corvette og Nils Idar / Helge sin Buick. Jon Ole var også på treffet, men Transam'en hans vart ikkje ferdig på verksted i tide så han måtte nøye seg med og køyre BMW, noko eg vil tru var ei hard nøtt og svelge!! Deira bedre halvdelar samt Magnus, Helge og Anders var også med, så det var ein god gjeng i frå Seaside Custom. Som du vil sjå av bilda, så var der mykje fint å sjå og Nils Idar gjorde seg bemerka med sin Bonneville på dette treffet også. Her ser du han blir avbilda av bilbladet AmCar med 2.prisen for peoples choice i handa!! AmCar ville forresten lage reportasje av bilen etter utstillinga, men Nils Idar som øybuara flest måtte rekke siste ferga, så då vil AmCar ta turen ut på øyane ved ei seinare anledning!! Her er bilder i frå treffet!! Trond 11.06.08 |
|
|
EVA
OG MAGNE SÆTRE BESØKER SSC!!Tysdag 03.06.08 fekk Seaside Custom besøk av Eva og Magne Sætre, som hadde tatt turen i frå Ålesund og ut på øyane for å sjå korleis oss hadde det i våre lokale. Her poserer dei framfor den nye og fine infotavla på Flem!! Sjå bilder i frå garasjebesøket her!! Trond 04.06.08 |
|
|
NY
DUGNAD TYSDAG 10 JUNI KL 20.00!!No har du igjen kjangsen til å bli med på dugnad på H-produkter. Tysdag 10 juni kl 20.00 ladar vi kaffikannene igjen og satsar på ei ny økt med maling og muring på H-produkter.... Møt opp alle som kan!! Trond 04.06.08 |
|
|
HONDA
TREFF PÅ ATLANTERHAVSVEIEN!!Vår venn Zeta som han kallar seg i Seaside Custom forumet vårt, var på Honda treff ved atlanterhavsveien forrige helg!! Og han har lagt ut nokre kule bilder i frå dette treffet i tråden sin HER!! Trond 04.06.08 |
|
|
BESTE
AMCAR 1950-59 OG CAR OF THE SHOW!!Søndag 01.06.08 var det utstillings dag på Sunnmørstreffet i Ørsta, og Seaside Custom var representert med Jan Petter sin Corvette og Nils Idar sin Pontiac. Nils Idar gjorde seg bemerka med sin Pontiac, og tok med seg ikkje berre en, men to prisar i bagasjen heim!! Det var intet ringare enn beste 50-talar og car of the show!! Vi gratulerer!! No blir det spennande og sjå om det blir noko pris under AmCar treffet på Hunderfossen 6-8 juni!! Helge Rogne har lagt ut bilder i frå Sunnmørstreffet på Seaside Custom forumet HER!! Trond 04.06.08 |
|
|
BESØK
AV EVA OG MAGNE!!Tidlegare i år var Seaside Custom invitert til garasje besøk i bya hos Eva og Magne, og tysdag 03.06.08 tar dei turen ut hit til øyane for og sjå korleis vi har det i våre lokale!! Her er bilder i frå garasjebesøket i bya 06.04.08!! Trond 02.06.08 |
|
|
MÅNADENS
BIL!!Jon Ole Flem har sendt inn bilder av sin TransAm, som heilt klart høyrer heime under månadens bil!! Gå til månadens bil Trond 28.05.08 |
|
|
STÅLHALLEN
ER ANKOMT ØYA!!Som sikkert alle veit, har Seaside Custom kjøpt ein stålhall som skal tjene som garasjelokale og samlings plass for klubben sine medlemmar i framtida. Hallen vart kjøpt ved årskifte, og vart plukka ned av dei tidlegare eigarane allereie i mars. Etter den tid har hallen lagt i påvente av ei frakteskute som vi hadde på hand som skulle hente hallen i Mandal og ta den med seg til Nordøyane. På grunn av stadig utsettingar av turen nordover for denne frakteskuta, måtte vi til slutt ty til bilfrakt, og onsdag 21.05.08 ankom denne semitraileren øyane med hallen vår i lasta!! Her er bilder i frå lossinga!! Trond 28.05.08 |
|
|
NY
KLESKOLLEKSJON!! Mange medlemmar av klubben har lenge etterlyst ei sjikkeleg klubb jakke med Seaside Custom logo på, og no har vi fått inn eit prøveeksemplar av ei softsjelljakke, som du ser Frode poserer i her!! Tilbakemeldingane i frå ymse medlemmar har vore svært så positiv og om eg så skal seie det sjølv så er jakka "beintøff"!! Er dette noko du kan tenke deg, og du har spørsmål angåande størrelsar, pris, fargar, trykk osv, så må du ta kontakt med Frode Standal på frode_standal@hotmail.com for meir info!! Vi kjem til og sende ei bestilling innen veldig kort tid så vær kjapp om du ynskjer og kome med på denne bestillinga!! Visst ikkje vil vi ta opp bestillingar på kle under Øyatreffet 2008!! Trond 21.05.08 |
|
|
DUGNAD
PÅ H-PRODUKTER!!Tysdag 20.05.08 starta vi nedbetalinga av lakkboksen i form av dugnadsarbeid på H-Produkter på Haramsøya. Vi har fått i oppgåve og mure igjen muren som vi reiv ned for å få ut lakkboksen, samt og måle øverste langveggen inne i produksjonslokala deira. Det virka som ei uendeleg stor oppgåve og veggen såg ut til å vere uendeleg stor, men etter nokre få timar med god dugnadsånd hadde vi fått gjort unda forbausande mykje!! |
Her
er dugnadsgjengen denne kvelden!!Trond 21.05.08 |
|
|
SAMLEMANI!!Nokre samlar på frimerke og andre samlar på Mercedesar, og Stig Are gjær det siste!! No har han fått endå ei Merce på tunet og er vel oppe i eit totalt antal på fire!! Det er intet ringare en ein Mercedes 280SE som han har fått kloa i denne gangen, og om eg ikkje tar heilt feil så var vel også denne Merca så billeg at han ikkje kunne la være og redde den. Det svirrar rykter om ein Mercedes V8'ar som klubben skal ha på hand... men det gjenstår og sjå!! |
Noko
brun i kantane!! |
Ei
fin ansamling av Mercedesar!!Trond 21.05.08 |
|
|
BLI
MED PÅ AMCARTREFF PÅ HUNDERFOSSEN!!6-8. juni reiser ein liten delegasjon i frå Seaside Custom på amcartreff på Hunderfossen, og då har du alle muligheiter til å slå følge!! Det er Nils Idar med sin Pontiac, Jan Petter med sin Corvette og Jon-Ole med sin TransAm som reiser i samla tropp til Hunderfossen. Har du lyst til og slå følge, og har spørsmål ang. avreise o.l så kan du kontakte Jon Ole Flem på joflem@online.no. Her finn du meir bilder og info rundt treffet!! Trond 12.05.08 |
|
|
I
GARASJEN TIL ESPEN MIDTHAUG!!Torsdag 08.05.08 var eg på veg til Trondheim ein tur, og då eg vel hadde passert Molde så såg eg ein gamal Volvolastebil stikke snuten sin ut av ein stor garasje. Eg måtte sjølvsagt berre sjekke kva dette var for noko og stoppa for og slå av ein prat. Det angra eg ikkje på, for makan til garasje er det lenge sidan eg har sett!! Det viste seg og vere Espen Midthaug og hans onkel som eigde den gamle bussgarasjen og alle dei flotte bilane som var inne i den. Espen har eit svakt hjarte for gamle folkevogner og Porscher, medan onkelen hans eigde den gamle lastebilen og ein gamal Skoda. Eg fekk berre ein liten halvetime på meg til å studere bilane og prate, men rakk likevel og ta nokon bilder av alt det flotte som var og sjå. Espen og hans onkel er medlemmar av Nordmøre og Romsdal Kjøretøy Historisk Klubb, og i tillegg har Espen eiga heimeside som er vel verdt og avlegge eit besøk!! Sjå www.midthaug.net Sjå garasjebilder her!! Trond 11.05.08 |
|
|
VÅRSLEPP
PÅ ØYANE!!Søndag 4.mai var det vårslepp ute på øyane. 15-20 bilar/syklar av ymse slag hadde møtt opp på Bistroen denne dagen, og felles for dei alle var at dei skein om kapp med vårsola!! Etter ei stund køyrde ein i samla tropp mot Framtun på Rogne, for litt info ang. dei nye lokala til klubben og inspeksjon av tomta der vi ynskjer og bygge, og sist men ikkje minst så hadde Marion og Beate stelt i stand ein super kiosk med vaffler, kaker og anna "digg"!! Nils Idar med sin 1958`pontiac bonneville stakk av med prisen for beste vårpuss, og elles gjekk dagen med til beskuing av dei blankpolerte bilane/syklane og mykje godt prat!! Svein Johan som stelte i stand dette treffet var godt nøgd med dagen, og det er han ikkje aleine om, sjølv om vi satsar på fleire bilar og oppmøtte til neste vår!! SJÅ BILDER HER!! Trond 06.05.08 |
|
|
BESTE
50-TALAR PÅ AMCARTREFFET I FOSNAVÅG!!Ann Mari kan tydeligvis polere bil, for arbeidet ho la ned i Pontiac'en forrige veke bar frukter, deira 1958`pontiac bonneville 2dr.sport cupe fekk prisen for beste 50-talar, under amcar treffet i Fosnavåg 1.mai. og Seaside Custom gratulerer med seieren!! BILDER FRÅ FOSNAVÅG!! Trond 06.05.08 |
|
|
AUTOSLALOM
I ÅLESUND!!Medan amcarfolket kosa seg i Fosnavågen 1.mai, så var det breisladd som gjalt i Olsvika i Ålesund for dei gatebilfrelste! Her hadde Ålesund gatebil klubb i samarbeid med NAF motorsport Ålesund invitert til Autoslalom denne dagen. Frode Standal og Veronica Longva var våre representantar der, og dei knipsa nokre bilder så også vi kan få sjå kva som føregjekk!! SJÅ BILDER HER!! Trond 06.05.08 |
|
|
MÅNADENS
BIL!!Henning Flem har sendt inn forslag til månadens bil, og det er intet ringare enn hans nyinkjøpte Audi S8, ein utrulig flott bil, som heilt klart fortenar ein plass der!! Gå til månadens bil Trond 30.04.08 |
|
|
VÅRPUSS
OG FOSNAVÅGEN 1.MAI!!No er det vårpuss og klargjering til amcartreffet i Fosnavåg 1.mai i mange garasjar her ute på øyane. Men Nils Idar er vel en av dei som har komt best ut av dette. Medan han satte ut teiner, så sto kjeringa heime og polerte pontiac'en blank og fin!! |
Wax
on, wax off!! |
Helge
tar siste finpuss på Buick'en. |
|
Fosnavågen here we come!! |
Bjørn
Kåre skal ikkje på amcar treff med sinAmazone, men har gitt bilen litt ekstra stell for å vere klar til vårsleppet søndag 4.mai!! Dette ekstra stellet førte til at eit bremserør gikk av, som igjen fører til at han ikkje stiller på bistroen. Men han vil vere og sjå på Framtun seinare på dagen!! Trond 30.04.08 |
|
|
HELGE
HAR BYTTA UT ALPINAEN!!Helge har i den seinare tid snakka om og kvitte seg med Alpinaen, og tysdag 29.04.08 kom Helge inn i customen og viste stolt fram sin nye bil. Då hadde han bytta Alpinaen mot ein 95-mod BMW 318 cab!! Trond 30.04.08 |
![]() |
|
|
INFO
OM ØYATREFFET 2008!!No finn du informasjon om øyatreffet 2008 HER. Sjå også linken øverst på sida!! Trond 27.04.08 |
|
|
BYRUNDEN
2008!!Laurdag 26.april reiste eg og resten av familien til Ålesund for å få med oss den årlige byrunden som Storfjordens Automobil Klubb arrangerer. Ca 70 bilar sto utstilt i Ålesunds gågate, og eit vidt spekter av gamle veteranbilar kunne beskuast der!! Eg nytta også høve til å reklamere for Øyatreffet-08 den 22.juni, som Seaside Custom står for, og vart positivt overaska over kor mange som var tenkt seg ut over på øyane denne dagen. Sjå bilder i frå byrunden her!! Trond 26.04.08 |
|
|
CHOPPEREN
TIL LASSE LAKKERT!!Vi har tidlegare sett bilder av chopperen til Lasse, som var i ferd med og bli demontert, til fordel for breiare bakhjul og ny ramme. No er sykkelen ferdig lakkert og ting er begynt og ligne på noko igjen. Rykta seie at Lasse no nermast bur i garasjen for å bli ferdig. Det beste av alt er at det ferdige resultatet blir og sjå på Øyatreffet 2008, i lag med fleire medlemmar av Headstone MC!! Fleire bilder her!! Trond 25.04.08 |
|
|
SEASIDE
CUSTOM INVITERER TIL VÅRSLEPP!!Alle som klarer og dra i gang motoren 4.mai kl 12.00, møt opp rundt Bistroen på Haramsøya!! Om du har bil, traktor eller motorsykkel, er alle velkomne. Etter kvart tek vi turen til tomta og hallen på Rogne. Her blir det konkuranse, salg av nysteikte vafler mm. Og mykje god prat!! Trond 23.04.08 |
|
|
|
Tysdag 15.04.08 var det igjen tid for skruing i customen. Men det vart lite skruing denne kvelden, etter at Henning Flem kom med sin nyinkjøpte Audi S8, og Nils Idar hadde henta sitt nye smykke, ein 1958`pontiac bonneville 2dr.sport cupe. |
|
|
|
så flott skute!! |
|
Trond 16.04.08 |
|
|
|
Tysdag 8.april var det folksomt i garasjen på Rogne. Johannes, Preben, Anders og Knut hadde snappa opp at klubben har fått seg sandblåsingskabinett, og tok turen innom med nokre deler til Granadaen som skulle sandblåsast. |
|
|
|
|
|
|
|
Kjekt og sjå at sandblåsingskabinettet kjem til nytte!! Trond 09.04.08 |
|
|
GARASJEBESØK
HOS EVA & MAGNE SÆTRE!!Søndag 06.april hadde Seaside Custom årets første utflukt. Turen gjekk til Havnegata i Ålesund, der Eva og Magne Sætre med venner, hadde invitert oss og mange fleire til garasjebesøk. Her møtte det oss eit 20-tals prosjekt inne i lokala deira, medan eit fåtal også møtte opp med "godbilane" sine på utsida. Vi var ca 10 representantar i frå klubben og vi hadde ei trivelig stund i lag med likesinna. Vi hadde ei runde rundt i lokala og beskua alle bilane/prosjekta før vi runda av med kaffi og svele inne i den flotte kaffibaren deira!! PS!! Dette frista til gjentakelse!! Her er bilder i frå garasjebesøket!! Trond 06.04.08 |
|
|
NYE
BILDER AV HORNI'EN!!På tross av mykje dugnad og andre ting i klubben klarer Harald fortsatt og holde litt framgang på roverprosjektet sitt Horni. Heime i garasjen på huset sitt, held han no på med monteringa av bilen etter at den vart lakkert. Her ser du frontlyktene i frå ein BMW 3-serie er blitt montert. Sjå også modifiseringa av ein frontspoiler som ikkje er meint på akkurat denne modellen HER!! Trond 05.04.08 |
|
|
|
SJEKK UT MENYEN TIL VENSTRE!! Frode er no begynt og oppdatere sidene i menyen til venstre. Ta turen innom og sjå!! Trond 05.04.08 |
|
|
FLYTTING
OG LAGRING AV LAKKBOKSEN!!Laurdag 22.03.08, vart lakkboksen flytta i frå H-Produkter til lagerlokala til Haram anlegg, (gamle H-Produkter). Harald, Johannes, Anders, Knut Otterlei og Knut Haram sløsa ikkje vekk tida i påska med å gå på ski... dei tok heller på seg oppgåva med og få lagra lakkboksen. Sjå fleire bilder her!! Trond 03.04.08 |
|
|
MÅNADENS
TRAKTOR!!Erling Longva Haram er ein kar som tar "traktor råning" på alvor. Og det er akkurat denne seriøsiteten som gjær sitt til at denne doningen havnar her på månadens bil!! Han nøyer seg ikkje berre med eit par ekstralykter og litt wounderbaum, nei her gjær vi det skjikkeleg når vi først held på. Konfilter, eangeleyes, breie dekk, sota ruter og 12"-sub er vel strengt tatt ting som høyrer bilverdenen til. Men sidan Erling endå berre er 16år, så tok han like så godt og satte sitt eige preg på traktoren sin i staden for. Slike ting smeltar hjarta i månadens bil juryen, og du kan vere trygg på at du har den tøffaste traktoren i mils omkrets!!! Ein ekte custom traktor!! Les meir om traktoren her!! Gå til månadens bil!! Trond 02.04.08 |
|
|
|
STYREMØTE I SEASIDE CUSTOM Torsdag 27.03.08 hadde styret i Seaside Custom styremøte inne hjå Knut på Rogne. Referat i frå møtet blir sendt ut på felles mail ein av dei nermaste dagane. Trond 02.04.08 |
|
|
SANDBLÅSINGS
KABINETT!!Frode og Stig Are har invistert i eit sandblåsings kabinett, som no står plassert inne i lokalet vårt på Rogne. Vi ser gjerne at andre medlemmar som har behov for og sandblåse diverse smådeler tar turen innom garasjelokalet vårt tysdags kveldane og låner kabinettet om nokon ynskjer dette. Bilda viser flittige hender som monterer sandblåsings kabinettet etter beste evne!! Trond 02.04.08 |
![]() |
|
|
BLI
MED PÅ GARASJEBESØK I ÅLESUND!!Søndag 6.april har Eva og Magne Sætre invitert Seaside Custom og mange fleire til sitt garasjelokale i Ålesund. Her vil det vere mange prosjekt og kvile auga på, og dei har lova oss både kaffi og svele. Så det er all grunn til og sette av denne søndagen til ein autofil samankomst i "bya"!! Seaside Custom vil samle troppane, og tar sikte på 10.30 ferga i frå Austnes søndags morgon. Då hadde det vore ekstra kjekt om vi klarte og samle ein liten kortesje med bilar, som kan køyre i samla tropp til Rema1000 / Liedel i byn, der vi vil bli møtt av ein følgebil som vil vise oss veien til garasjelokalet. Så møt opp søndag kl 10.30 på Austnes fergekai, eller i området rundt Rema 1000 / Liedel i byn ca kl 12.00 og bli med på garasjebesøk!! Har du spørsmål angåande denne utflukta så ta kontakt med nokon i styret. PS!! 19.januar -08 skreiv Sunnmørsposten ein flott avisartikkel om dette bilgale paret, som du kan lese her!! Trond 30.03.08 |
|
|
ØYATREFFET
2008!!Søndag 22. juni inviterer Seaside Custom igjen til eit nytt Øyatreff ute på Nordøyane i Haram komune. Øyatreffet er eit treff for alle typar kjøyrety. Her vil vi ha nytt, gamalt, orginalt og modifisert i skjønn foreining. Treff komiteen har ikkje komt opp med så mykje info rundt årets treff endå, men jobbar med saken!! Medan dåkke ventar på dette, kan dåkke lese litt om Øyatreffet 2007 her!! Sett av Søndag 22.juni, og ta turen til Øyatreffet 2008!! Seaside Custom 12.03.08 |
|
|
OPPERASJON
LAKKBOKS FULLFØRT!!I alle fall nesten.... Tysdag 11.03.08 var gjengen samla igjen for å plukke ned siste resten av lakkboksen på Haramsøya. Og når vi forlet lokala på H-produkter denne kvelden, var det berre friskluftsanlegget som gjensto!! Sjå fleire bilder her!! Trond 12.03.08 |
|
|
![]() |
NYTT
KLUBBLOKALE!!Her kjem nokre bilder og info rundt det nye klubblokale til Seaside Custom. Les meir her!! Trond 09.03.08 |
|
|
|
Joda det er gamle bilen til Andreas Ulla!! Og det er ingen vilken som helst bil... men ein 1972 Hurst/Olds Cutlass Supreme convertible. Ein bil brukt som official pace car i 1972, og som det kun er produsert 130 stk av. Det gjer denne bilen ganske spesiell!! Les meir her!! Kristian & Trond 05.03.08 |
|
|
NY
DUGNADSØKT PÅ LAKKBOKSEN!!Tysdag 04. mars var gjengen samla igjen på H-produkter, for og fortsette demonteringa av lakkboksen. Ikkje fult så mange møtte opp denne gangen, grunna forskjellige årsaker, men Kolbjørn, Harald, Arne, Johannes og meg sjølv møtte opp og i løpet av kvelden/natta fekk vi gjort unda ein heil del også denne gangen. Fleire bilder her!! Trond 05.03.08 |
|
|
MÅNADENS
BIL!!Då er bilen for mars månad lagt ut. Gå til månadens bil. Trond 01.03.08 |
|
|
SEASIDE
CUSTOM KALENDAREN 2008!!For ca 14 dagar sidan bestilte eg nokre prøve eksemplar av ein kalendar i frå ein webshop som kallar seg Vista Print.no. Dei kunne tilby ganske rimelige kalendara, og hadde ei veldig grei side der ein kunne sette inn sine eigne bilder online. Akkurat det eg trengte for å lage ein flott SSC kalendar tenkte eg!! No er SSC kalendarane ankomt øyane, og eg er svært godt nøgd med resultatet. Ein heilt grei "layout" og veldig god kvalitet på trykka/printa. Alle prøveeksemplara som vart bestilt er desverre utsolgt, men sidan resultatet vart så bra, ynskjer vi no og tilby alle medlemmane i klubben ein slik kalendar. Send ein mail til trond@seasidecustom.com, eller ta kontakt med Trond Ravnestad om du ynskjer og få kloa i ein slik kalendar. Så fører vi deg opp på ei liste for ei ny bestilling. |
Bilda
er henta i frå Øyatreffet 2007, og kalendarenkostar kr 120,-. Trond 29.02.08 |
|
|
NYE
SKISSER I KLADDEBOKA!!Frode har igjen satt seg ned med blyanten og kladdeboka si, og fått ned på papiret nokre nye skisser. Til inspirasjon for alle oss andre i klubben. Kanskje er det mulig og få nokre nye idear til framtidige bygg her?? Gå til kladdeboka!! Trond 27.02.08 |
|
|
DEMONTERINGA
AV LAKKBOKSEN ER i GANG!!Tysdag 26. februar starta Seaside Custom arbeidet med og demontere lakkboksen på H-Produkter. 14stk møtte opp til dugnad, og av disse var halvparten nye medlemmar, noko som var svært gledelig!! Det var kjekt og få nye krefter inn i klubben. Sjå bilder av dugnadsøkta her!! Trond 27.02.08 |
|
|
DEMONTERING
AV LAKKBOKS!!Seaside Custom har vore så heldige og få ta over lakkboksen til H-Produkter på Haramsøya. Ikkje gratis, men i form av dugnadsarbeid. Klubben skal i løpet av ein 2 års periode stille opp til dugnadsarbeid på H-Produkter, til ein verdi av 50000kr. Søndag 24. februar var ein deligasjon i frå klubben bort og såg på lakkboksen, for å legge ein slagplan. Lakkboksen må vere ute før påske, så vi er nødt til og hive oss rundt for å bli ferdige. Tysdag 26.02.08 kl 20.00, startar vi arbeidet med demonteringa, og då må alle som kan møte opp og hjelpe til. Trond 24.02.08 |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
BJØRN
KÅRE SIN VOLVO AMAZON!!Like før jul var Bjørn Kåre Høystad ein tur til oppland og kjøpte seg ein Volvo Amazon 121, 2-dørs 1962mod. Har lenge tenkt og ta meg ein tur inn på Nogva å sjå på bilen og ta nokre bilder, og i dag (søndag 24.02.08) passa det endelig. Sjå fleire bilder her!! Trond 24.02.08 |
|
|
HYDRAULISK
SPADE!!Då eg skulle ta bilder av Bjørn Kåre sin Amazon, Viste Kristian meg sin siste inkjøpte "duppedings" som også er ein veteran. Ein liten gravar, eller ein hydraulisk spade som Kristian kalla det. |
Her
viser han stolt fram sin nye doning. |
Og
her demonstrerer han at gravaren virkar fint!!Trond 24.02.08 |
|
|
SEASIDE
CUSTOM STRIKKELUE!!Tysdag 19.02 var det igjen tid for mekkekveld i garasjen, og denne kvelden hadde Helge med seg ein liten overaskelse!! Grethe Klokk (bildet), ein av våre mange nye medlemmar, har strikka ei Seaside Custom lue til alle som sit i styret til klubben... dvs 9stk luer. Det er berre og ta av seg hatten for eit slikt flott bidrag!!! No treng vi ikkje fryse på øyra lenger, når vi jobbar seine kveldar i garasjen!! Tusen takk!! PS: Kansje ein ide til nye SSC artiklar?? Trond 20.02.08 |
|
|
TO
NYE SKISSER I KLADDEBOKA!!Har lagt ut to nye tegningar i kladdeboka!! Trond 17.02.08 |
|
|
MÅNADENS
BIL!!No har vi endelig komt i gang med månadens bil, og målet med dette er og kunne gjere litt ekstra stas på forskjellige bilar. Dei bilane som kjem gjennom nålauge, og blir presentert på månadens bil sida, vil også bli brukt som kalendar bilde på neste års SSC kalendar!! Så no har du ein ypperlig muligheit til å få vist fram doningen din. Temaet i år er bilar i klubben, og vi ser gjerne at dåkke sender inn bilde av doningane dykkar!! Det treng ikkje vere berre bilar, men alle typar køyretøy. Alt er av interesse, og eit dekorativt vrak kan vere like inspirerande som ein strøken doning!! Send inn forslag til: trond@seasidecustom.com Sjå måndens bil her!! Trond 17.02.08 |
|
|
EIT
LITE SNIKFOTO!!Fekk eit bilde i frå Lars Magne Aure (Lasse) i dag. Han har chopperen sin til ombygging i Trondheim, der han skal få ny ramme med plass til breiare bakhjul!!Her ser det ut til at dette er komt på plass og resultatet er ikkje noko og seie på!! Det er forøvrig denne sykkelen som vart kåra til beste MC under AmCar treffet i Fosnavåg 2007, så det ser ut til at han ladar opp til å forsvare tittelen i år med denne ombygginga!! Det blir nok fleire bilder i frå dette prosjektet, så følg med på forumet vårt! Trond 16.02.08 |
|
|
|
Sjekk ut
månadens bil.... meir info om dette kjem seinare!! Trond 16.02.08 |
|
|
PV MED AIR RIDE!!På www.volvoforum.no har eg ein PV tråd gåande, der eg har slengt ut nokre spørsmål angåande dette med og få senka pv'en. Der får ein sjølvsagt alle dei useriøse forslaga slik som black and decker fjøre osv.. Men eit og anna forslag er verdt og sjekke opp... og etter lang tid dukka dette prosjektet opp. Eit prosjekt heilt i min favør!! Senkefjøre til pv'en er noko som ikkje finst på markedet så derfor er luftfjøre eit godt alternativ, men eg har ikkje sett noko prøve dette på ein PV før, noko som gjer dette prosjektet veldig interessant. Blir spennande og følge dette prosjektet vidare, noko du kan gjere på dette forumet!! |
Ingen tvil om at disse 18"
Amarican Racing felganekler pv'en godt!! |
Bakskjermen er i glassfiber,
bredda 5cm etter allekunstens reglar. Ikkje noko og seie på dette "stuket"!! Trond 09.02.08 |
|
|
"HORNI"
KLAR FOR MONTERING!!Helga 1-3. februar, og tysdag den 5. jobba Harald knallhardt med "Horni'en" borte på H-produkter på Haramsøya, for å få bilen ferdig lakka. No fekk også dører, panser og bagasjeluka nokre strøk med svart. Deretter vart disse delane montert, for så og gi bilen nokre lag med klarlakk. Resultatet vart "bra langt i fra... langt i fra bra", men han er likevel fornøgd med resultatet. Å legge klarlakk var ikkje like enkelt som å legge vanlig lakk. Det vart ein del renning og litt appelsin overflate, men kansje mykje kan rettast med ei våtsliping?? Han har iallefall skaffa seg mange nye erfaringar med dette prosjektet!! Sjå fleire bilder her! Trond 06.02.08 |
|
|
ÅRSMØTE
2008!!Mandag 04. februar hadde Seaside Custom årsmøte på Nordøy Grendahus. Eit 20-tals personar møtte opp, for å få med seg det siste nye i klubben. Det vart informert om framtidige byggeplanar, og om turen til Vällåkra i år. Mange gode idear og forslag kom fram, så klubbens medlemmar har mykje og sjå fram til!! Møtereferatet vil bli lagt ut på disse sidene snarast!! Trond 06.02.08 |
![]() |
|
|
|
NY LAYOUT IGJEN!! Heilt sidan den nye web sida vart publisert, har ikkje web ansvarlig klart og falle heilt til ro med denne sida. Som dåkke sikkert har merka, så har eg prøvd meg fram med forskjellige fargekombinasjonar osv... og til slutt syns eg den nye sida vart ganske rotete. Så no går eg tilbake til prinsippet om at "det enkle er ofte det beste" eller "less is more" og så får vi håpe ein klarer og falle til ro med denne "look'en". Trond 04.02.08 |
|
|
HUSK ÅRSMØTE!!Måndag 04.02.2008 Kl.20.00 i Vestibylen på Nordøy Grendahus. Trond 03.02.08 |
|
|
EIN NY BIL PÅ VEG
TIL ØYA!!Laurdag 2. februar var der gledelige nyhende på Seaside Custom forumet vårt. Nils Idar Rogne kunne der bekrefte at han har kjøpt seg ein 1958`pontiac bonneville 2dr.sport cupe, og ut i frå bilda og døme, skulle ein nesten tru bilen kom rett i frå fabrikken. Blir spennande og studere doningen når den ankommer øya i mars april ein gong. Sjå fleire bilder her!! Trond 03.02.08 |
![]() |
|
|
DODGE'EN
TIL INGE ER REDDA!!Denne Dodge Phonix'en til Inge Rogne, har i den seinare tid vore og finne på finn.no. Den har vert i hans eige i snart 30år no, og planen har vore og pusse den opp. Men etter at han kjøpte seg ein Lincoln Continentale 1978, ønskte han og kvitte seg med Dodge'en. Oss i Seaside Custom har i lenger tid frykta at denne flotte doningen, sist sett i dagslys på Øyatreffet 2007 (bildet) skulle bli solgt og forsvinne i frå øyane.... men ein reddande engel dukka opp!! |
Kristian
Aakre kom over annonsa og tok ansvar forå beholde bilen her ute på øyane. Kristian har store planar og god arbeidslyst, så det blir nok bil av dette igjen også.... men bilen vart kjøpt med visse forbehold!! Julianne, Kristian sin bedre halvdel, la ned veto om at bilen skal vere lilla med kvitt tak, noko som slett ikkje treng og bli så verst!! Takk til Oleg for flott bilderedigering!! Trond 03.02.08 |
|
|
|
SEASIDE CUSTOM I BRØNNØYSUNDREGISTRENE!! Vi har lenge tenkt at det kunne vore greit at klubben hadde eit organisasjonsnummer. Så derfor har vi no registrert oss i brønnøysundregistrene. Du kan no finne følgande Informasjon om klubben der. Trond 03.02.08 |
|
|
HORNI'EN
OG GRANADAEN VART LAKKA I HELGA!!Helga 17-20 januar vart både Granadaen til granada- gjengen på Haramsøya og Roveren "Horni" til Harald lakkert. Dei fekk låne lakkboksen på H-produkter, og lakkeringa sto dei for sjølve. Om eigarane av Granadaen vart nøgde med resultatet veit eg ikkje, men Harald er svært godt nøgd med sitt resultat. Med tanke på at det er første gang han prøvar seg med ei lakksprøyte, og at lakksprøyta var kjøpt på Biltema for berre 250kr, så må ein kunne sjå gjennom fingrane med nokre få skjoldar på taket. Fargen var litt matt, så Harald vil legge nokre lag klarlakk når dørene kjem på plass. Sjå bilder av Roveren her!! |
Sjå
bilder av Granadaen her!!
Trond 24.01.08 |
|
|
NYTT
PROSJEKT I CUSTOMEN!!Like før jul flytta Harald Roveren "Horni" ut i sin eigen garasje for å gjere denne klar for lakk der. Dette ga rom for at Kolbjørn kunne ta inn sitt nye prosjekt, for å starte arbeidet med og fjerne rusten på denne. Escort'en skal tjene som bruksbil etter at dette arbeidet er gjort, og rykta seie at den skal utstyrast med "feite sule" og senkesett!!! Følg prosjektet her!! Trond 09.01.08 |
|
|
|
VI PRØVAR IGJEN!! Innmeldinga på "Bli Medlem" sida skal no være i orden igjen. Så no er det berre og skrive seg inn i manntalet!! Trond 09.01.08 |
|
|
|
INNMELDINGA I USTAND!! Innmeldinga på "Bli Medlem" sida er ikkje i orden. Web ansvarleg, med sine hjelpara jobbar med saken!! Trond 06.01.08 |
|
|
BLI MEDLEM I SEASIDE CUSTOM!!I den seinare tid har vi merka oss større og større interesse rundt klubben, og mange har gitt utrykk for at ein ynskjer og bli medlem. No har du endelig muligheit for dette!! Ta turen innom "Bli Medlem" sida og meld deg inn!! Velkomen i klubben!! Trond 01.01.08 |
|
|
NYTT ÅR OG NY WEBSIDE!!Hei og velkomen til eit nytt Seaside Custom år!! Som du ser så er den gamle websida til klubben blitt erstatta av ei ny side med ein ny "layout" som vi håpar du vil finne deg til rette med. Alt det gamle er fortsatt slik som før, men nokre nye linkar og funksjonar er komt til. Her er dessverre noko "småfiks" som gjenstår og, og ikkje alle sidene er oppe og går endå, men dette kjem etterkvart. Trond 01.01.08 |
|
|