| S E A S I D E C U S T O M B R U D E B I L A R |
I
sommar var det mange bryllup her på øyane, og då var det kjekt og sjå at
det var medlemmar og bilar i frå Seaside Custom, som bisto med
brudebilane til disse begivenheitene.Først ute var Trine og Christian den 2. mai i Haram kyrkje. Dei hadde leigd Jonny Longva sin Mustang, til og skysse seg frå kyrkja på Austnes til Nordøy Grendahus på Longva. Mustangen skapte mykje spenning, då den ikkje ville starte etter vielsen. Først var det forlovar som prøvde seg, og der etter måtte brudgommen sjølv til, men bilen starta ikkje. Etter nokre hektiske og laaange minutt, greip Veronica Norvoll Longva inn og fekk fortalt dei triksa for og få start på bilen. Etter dette starta den flotte Mustangen, og turen gikk uten problem vidare. Ein ny, men ikkje justert forgassar var forklaringa på startvanskane. |
Førarbytte...
her er det brudgomen sjølv som vil prøvelykka!!! |
Endeleg
på vei!! |
30.
mai gifta Hege og Frode seg i Haram kyrkje, og med ein Volvo XC90 i
stallen, så holdt dei seg med brudebil sjølve. Ferda mot Nordøy
Grendahus gjekk uten vidare problem, men det vart oppservert at det
gjekk veldig sakte frå Ulla, over bruvegen og vidare mot grendahuset.
Det viste seg i etterkant, noko forlovaren sjølv avslørte i sin tale til brudgommen, at han hadde gløymt og slå av handbremsa etter fotografering på Ulla. Lykkeleg vis, så var der ansatte i frå eit Volvo delelager i forsamlinga, og nye bremsedeler vart bestilt i same talen. |
Klar
til avgang. |
Fotografering
på Ulla. |
4.
juli var det Britt Tove og Odd Einar sin tur. Dei gifta seg også i Haram
kyrkje, og dei også trengde ein brudebil for og køyre seg til Nordøy
Grendahus etter vielsen. Denne oppgåva var det Opelen til Per Olav Vedeld som fekk. Her med nye skilt for anledninga!! |
Her
er også dei klar for avgang, og Odd Einar sjekkarom kysten er klar!! |
![]() |
|
Alexander Sørvik sitt bryllup 1. august i Haram kyrkje. Dei hadde leigd inn Knut Otterlei som sjåfør, med hans flotte Jaguar X300, og ferda gjekk også her til Nordøy Grendahus. |
|
|
|
|