B I L D E R   F R Å   G A R A S J E N   1 2 . 0 1 . 1 0
 
Tysdag 12.01.10 var planen og ha dugnad på
H-produkter, men sidan arbeidsleiaren vår Kolbjørn måtte melde pass p.g.a sjukdom så vart det ein kveld
i garasjen i staden for!! Det er alt for langt mellom disse kveldane no når bygging av klubblokale pågår for fullt,
men denne tysdagen var det full aktivitet i garasjen!!

Her er Frode i full gang med og lage nye platebitar til
sin Rover P4 90.
Harald held på og overhale traktorgravaren, og her er han
i full sving med og sandblåse diverse stag og pedalar
til denne.

Den gamle kompressoren har ingen problem med og
levere luft til dette formålet. Den har lenge stått ubrukt
inne i garasjen p.g.a av at den skal ha 3-fas, men no
har vi fått kobla opp dette, og kompressoren funkar fint!!
Knut nytta høvet til og sveise vidare på sin Rover SD1.
Her er det innerskjermen som blir bygd opp igjen.
Det er alltid kjekt og få besøk tysdagskveldane, og
denne tysdagen var det Rolf Ole som stakk innom.
På veg heim i frå garasjen, stoppa vi og såg på
traktorgravaren til Harald.
Opp under løbrua på heimgarden held han til, og det
var ikkje mykje igjen av den no!!
Blir flott gravaren når denne blir satt saman igjen!!