| S I S T E N Y T T Oppdatert: 01.09.10 | |
BESØK
AV MARTIN ROLÉN HUSTAD!!Tysdag 17.08.10 fekk vi hyggeleg besøk av Martin Rolén Hustad frå Sula, og hans nyrestaurerte Triumph 2000 MkII 1973 modell. Dette prosjektet har du lese om tidlegare på "Siste Nytt", og no var Triumph'en ferdig montert og registrert, å Martin var klar for og køyre bilen. Faktisk var turen ut hit på øyane den første ordentlege langturen etter restaureringa. Les meir om besøket på vårt forum her!! 01.09.10 |
|
|
|
|
VELKOMEN
TIL VÅR STAND PÅ HANO DAGANE 2010!!Helga 4-5 August er det igjen tid for HaNo dagar. Seaside Custom gjentar suksessen frå i fjor, og stiller med eigen stand både laurdag og søndag!! Vi børstar støvet av bilstolen ratte og pedalane, å utfordrar deg til og sette bestetid på vårt bilspel!! Der blir salg av Seaside Custom effektar med gode messeprisar og du kan nytte anledninga til og studere heimesida vår, bli medlem av klubben, få info om hallprosjektet / klubbhuset, eller rett og slett ta ein kaffi, slå av ein prat og lese eit godt gamalt bilblad!! Hjarteleg velkomen!! Sjå bilder frå HaNo messa 2009!! 31.08.10 |
|
|
|
|
GRENSETREFFET
2010, HALDEN!!Etter at Auretreffet var vel overstått, satte Ann Mari og Nils Idar seg i sin 1958 mod Pontiac Bonneville, å køyrde til Grensetreffet i Halden helga etterpå. (11-15 Aug.) Dei har tatt mange fine bilder i frå treffet som du kan sjå her, og ynskjer du meir info om treffet så finn du det på www.grensetreff.no Ann Mari og Nils Idar deltok ikkje i pris tevlinga med sin Bonneville og alt "pikkpakk" som låg i den, men denne flotte 1957-modell Ford Fairlane (bilde) var en av de 10 Finalistene samt at han vant People´s choise 2010. Denne bilen er den første i Grensetreffs historie som har mottatt 50 poeng av 50 mulige fra dommerene. Det var rett og slett ikke noe og utsette på denne fantastiske restaurerte bilen, rett og slett strøken. ref: www.grensetreff.no Sjå bilder her!! OBS!! Her er mange bilder og laste opp, så du må vere tolmodig :o) 29.08.10 |
|
|
|
|
STOR
DUGNAD LAURDAG 28.08.10!!Først komande laurdag 28.08.10 kallar Seaside Custom inn til eit felles skippertak for og få på plass takplatene på Seaside Custom hallen vår!! Vi startar kl 09.00, og målet er og vere ferdig med platene på taket, når dagen er omme. Ta med batteridrill og ladar, 8mm pipe, liten lett stige, kaffi og arbeidslyst. Veiret ser så langt bra ut, med fare for litt regn... men det har vel ingen tatt skade av :o) Det blir servert pølse m/brød ut på dagen!! Hjelp oss og få hallen tett, før hauststormen set inn!! Tysdag kveld 24.08.10 blir det også dugnad på hallen, med tilrettelegging for laurdagens strabaser!! Vi satsar på og få gjort klar preseningen som skal under platene, samt skrudd fast dei første platene, slik at alt er på plass og tilrettelagt for og fortsette laurdag 28.08.10. Ta med batteridrill og ladar, 8mm pipe, liten lett stige, kaffi og arbeidslyst. Vel møtt!! 24.08.10 |
|
|
|
|
FØLG
MED PÅ VALLÄKRATREFFEN TOUR 2010!!No til helga 19-23 August reiser ein delegasjon i frå Seaside Custom til Helsingborg i Sverige for og besøke eit av skandinavias største biltreff, nemmelig Vallåkraträffen. På Seaside Custom forumet har vi oppretta ein tråd, der vi vil forsøke og holde dåkke oppdatert under turen, med nyttig og unyttig informasjon!! :o) Følg med på Seaside Custom Vallåkra tour 2010 her!! 18.08.10 |
|
|
|
|
SSC
CRUISING TIL SMÅBÅTFESTIVALEN, HARAMSØY!!Denne helga 20-22 Aug arrangerer Haramsøy Småbåtlag Småbåt Festival på Haramsøy. Seaside Custom oppfordra i den forbindelse alle sine medlemmar, til og møte opp og stille ut bilane og sykklane sine laurdag 21.08.10 kl 14.15 ved småbåt havna på Haramsøy. NB!! Medlemmar frå Flemsøy/Skuløy, også kalt Longva møter utanfor Coop Marked, Longva kl 14.00 for felles avreise mot Haramsøya. Der linar vi opp doningane, og tar ein prat med båtfolket!! Vel Møtt! Les meir om Båtfestivalen her!! 17.08.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ AURETREFFET 2010!!Helga 6-8 August inviterte Honky Tonk Cruisers til Auretreff på Aure Turistsenter. Merethe og Jan Petter, Ann Mari og Nils Idar, samt Bente og Olav Arne i frå Seaside Custom tok turen denne helga. Dei kunne melde om eit eit ganske lite, men likevel koselig og sosialt treff, med flotte omgivelsar. Søndag var det utstilling der ein jury skulle dele ut 1, 2 og 3 premie for finaste bil, samt publikumspris, og denne gangen var det Ann Mari og Nils Idar sin 1958 Pontiac Bonneville, som juryen kåra til finaste bilen på treffet... framfor Bjørn Hagen sin nydelig flotte 1963 AC Cobra på bildet. Dette seier mykje om standaren på Pontiacen til Ann Mari og Nils Idar. Seaside Custom gratulerer!! Sjå bilder frå Auretreffet her!! NB!! Sjå reportasje om denne Cobraen i neste AMCAR!! 10.08.10 |
|
|
|
|
BIMMEREN
KLAR FOR NYE SKILT!!Tysdag 10.08.10 skal Bimmeren til Preben inn til besiktigelse, og forhåpentligvis få seg nye skilt. Eg var på Austnes i kveld og tok nokre snikfoto, under siste finpuss. Sjå fleire bilder her!! |
|
|
|
|
SPENNANDE
GRÅTASSPROSJEKT PÅ SULA!!Ein ny medlem av SSC forumet ved navn Magnum, har lagt ut masse bilder og tekst av sitt gråtassprosjekt, på vårt Seaside Custom forum og denne tråden er vel verdt eit besøk!! Følg prosjektet hans her!! 09.08.10 |
|
|
|
|
BLI
MED TIL VALLÅKRATRÄFFEN 21-22 AUGUST!!Anna kvart år heilt sidan 2002, har ein delegasjon frå Seaside Custom satt kursen mot Helsingborg i Sverige for og besøke eit av skandinavias største biltreff, nemmelig Vallåkraträffen. Vi som har reist dit år etter år blir ikkje lei av dette treffet, her får du sjå det som er og lese i bilblada resten av året, og tru meg.... her er det meir enn berre Volvo!! I år er det underteikna, Frode, Knut og Harald som skal avgårde, og kanskje Henning og Stig Are, men vi ynskjer og ha med oss fleire på turen!! Ta kontakt med ein av oss, om du kunne tenke deg og ta del i det glade reisefølge. Vi tar laust torsdag ettermiddag, og tar sikte på ei hotell overnatting på Lillehammer eller Hamar. Fredag er det annkomst Vallåkra i Helsingborg, der vi har leigd ei flott hytte på Råå Vallar Resort og Camping. Her ligg det an til seine grillkveldar, midt mellom Helsingborg, treffplassen og feite bilar på campingen. Søndag ettermiddag set vi kursen mot Hamar/Lillehammer for ei ny natt på hotell, og mandag ettermiddag er vi tilbake på øyane igjen. Syns du det blir for "snobbete" med "røkejakke" og høg sigarføring i Knut sin Jaguar X300 heile veien til Sverige, så kan du også sitte på i Frode sin XC90, om vi skulle få bruk for denne. Ikkje nøl med og ta kontakt!! Les meir om treffet her: Vallåkraträffen Magazinet www.vallakratraffen.com Bilder frå 2008: Fredag Laurdag Søndag Perlerallyet 05.08.10 |
|
|
|
|
ARBEID
PÅ SSC HALLEN 22.06.10!!Tysdag 22.06.10 var eit flittig arbeidslag samla inne i SSC tomta for og starte platekleinga, samt fortsette anna arbeid på SSC hallen. Les meir på Seaside Custom forumet!! 23.06.10 |
|
|
|
|
MOLDESTUKET
- RIGHT ON BIL & MC MØNSTRING!!Right On Bil og Mc Mønstring er åpen for alle typer entusiastkøyrety. Bil eller Mc, gammelt eller nytt, orginalt eller ombygd, europeisk, amrikansk, asiatisk, gatebiler, amcars, sportsbiler, veteraner, cruisers, hot rods, 4x4, café cruisers, fulldressers eller choppers!! Du kommer med bilen eller motorsykkelen du trives aller best med!! Premiering av dei finaste køyretøyene, samt Moldestuket.com avard!! Portane åpnar søndag 27.juni kl 11.00 Gå til www.moldestuket.com 21.06.10 |
|
|
|
|
PLATESKRUING
TYSDAG 22.06.10!!Komande tysdag 22.06.10 startar vi med og skrue plater på SSC hallen. Møt opp med boremaskin (batteri eller el), 8mm pipe, skøyteledning og arbeidslyst!! Plateskruane annkjem øyane på mandag, og tysdag kveld treng vi di hjelp for og få fortgang på prosjektet!! Vel møtt!! Følg hallprosjektet her!! 20.06.10 |
|
|
|
|
TRIUMPH
2000 MKII FERDIG LAKKERT!!På SSC forumet kan du lese om Martin Rolén Hustad sitt Triumph 2000 MKII prosjekt, som han held på og restaurerer. No er bilen ferdig lakkert, og her ser du den stolte eigar att med Triumph'en som endå er varm etter tørkinga. No gledar han seg til og ta fatt på kosearbeidet med og pusle bilen saman igjen!! Sjå bilder av prosjektet her!! 20.06.10 |
|
|
|
|
STILIGE
BILAR PÅ CHAMPS-ÉLYSÉES!!Tidlegare i vår var Tanja og Harald Otterlei på ferie til Paris. Her var det nok mykje fint å sjå og oppleve, men nokre utstillingsvindu vakte meir oppsikt enn andre, under promenaden gjennom gata Champs-Élysées. Her har både Peugeot og Citroën utstilling av sine mest ekslusive og nye modellar, samt utstilling av forskjellige concept cars. Her er det mulig å hente design inspirasjon til eit evt. framtidig hevftig bygge!! Bilen du ser på bilde, er ein el-bil. Sjå fleire bilder her!! 19.06.10 |
|
|
|
|
OVERHALING
AV HONDA MB-5!! Jann Edu frå Haramsøy fant ei sprekke i eine motorfeste på sin Honda MB-5, og bestemte seg derfor og demontere heile mopeden, og ta ei skikkeleg overhaling i same slengen. Arbeidet så langt ser meget bra ut!! Følg overhalinga på Seaside Custom forumet her!! 19.06.10 |
|
|
|
|
BILUTSTILLING
PÅ SYKKYLVSDAGANE!!Helga 11-13 juni var det sykkylvsdagar i Sykkylven, og underteikna m/fam var til stades der. Laurdagen hadde Lutlaget Gamalt & Gale stelt i stand ei flott bilutstilling i sentrum av Sykkylven, men desverre vart dette ein veldig fuktig og kald opplevelse, noko dei beskreiv på denne måten på bloggen sin: "Lutlagets første bil- og traktor-utstilling heldt bokstaveleg talt på å regne vekk.. å det var vel det einaste vi ikkje hadde regna med." Sjå bilder her!! 18.06.10 |
|
|
|
|
ENDÅ
EIN ROVER PÅ TUNET TIL HARALD!!Harald Otterlei har kjøpt seg endå ein Rover.... No er vel ikkje det noko nytt.... det har no skjedd så mange gangar før, men det som er spesielt med denne bilen er at han har tenkt og køyre med den. Dette blir ein bil nummer 2, og no har han hatt bilen ei heil veke å ikkje skrudd den frå kvarandre, så dette ser lovande ut!! Bilen er ein 1985mod Rover SD1 Vanden Plas, med 3.5l V8 og Automat, der alt virkar... nesten (lucas)!! :o) Seaside Custom gratulerer med ein flott bil nummer 2, og eit flott tilskudd til bilparken i klubben!! 18.06.10 |
|
|
|
|
MANGE
TREFF, HELGA 18-20 JUNI!!Denne helga inviterer Volks West til folkevogn treff på Skoglund Camping i Valldalen. Les om treffet på forumtråden deira her!! Midtsommertreff, Elnesvågen Arr: Klubb 8 Frena Les meir her!! Landstreff for klassiske BMW modeller. Arr: BMW Car Club of Norway. Les meir her!! 16.06.10 |
|
|
|
|
NYTT
"FLAK" PÅ ØYANE!!Ingvill og Rune Bergsnes har lenge "fabla" om og kjøpe seg eit "flak" som dei kan cruise rundt i. Finn.no og Autodb har vore aktivt brukt for og finne den rette bilen... men du veit... ein er for gamal, ein anna for ung, ein er for tung osv, osv.... Då vi trudde det berre blei med praten, så satte dei seg på flyet mot Gardermoen, og henta heim eit stort "flak" av ein Buick Electra 225 Seaside Custom gratulerer med ny bil, og ser fram til mange flotte turar i lag med dåkke og Buicken. 16.06.10 |
|
|
|
|
AMCAR
GRAND NATIONALS, HUNDERFOSSEN 2010!!Helga 4-6 juni reiste eit lite følge frå Seaside Custom til Hunderfossen, for og få med seg Amcar Grand Nationals i regi Acc Lillehammer. Helge var blant dette reisefølget, og køyrde Chevella nedover. Det kviler nok ein forbannelse over Helge når det gjeld dette treffet på Hunderfossen. Forrige gang stoppa Buicken på veg heim, og denne gangen slo han hol i bunnpanna på Chevella i det han skulle parkere utanfor hytta. Holet vart fiksa midlertidig, og han køyrde for eiga maskin resten av helga, men makan til uflaks!!! Som du ser av bilda var her mykje fint å sjå, i eit nydelig veir. Sjå bilda her!! 16.06.10 |
|
|
|
|
ØYATREFFET
2010 AVLYST!!På grunn av den tragiske bilulykka natt til søndag 06.06.10, valgte Seaside Custom og avlyse Øyatreffet for 2010. Det blir mest truleg ikkje arrangert noko nytt Øyatreff i år, men vi lovar og kome sterkt tilbake i 2011!! 16.06.10 |
|
|
|
|
AMCAR
GRAND NATIONALS, HUNDERFOSSEN 2010!!4-6 juni reiser ein del Seaside Custom medlemmar til Hunderfossen for og delta på Amcar Grand Nationals. Oss andre sofagrisane kan berre vente i spenning på mange fine bilder der i frå, og ynskje dei god tur!! Les meir om treffet her!! Så også terminlista, for andre treff komande helg!! 30.05.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ GARASJERUNDA I GISKE KOMMUNE!!Torsdag 27.05.10 arrangerte Storfjordens Automobil Klubb garasjerunde på øyane nord for Ålesund, med Jostein Teistedal i spissen. Nokre medlemmar av SSC var tenkt og ta turen, noko som ikkje vart noko av. Martin Rólen Hustad var der, og har sendt meg litt bilder og info frå begivenheita. Les meir her!! 30.05.10 |
|
|
|
|
BOBLE
SOM OPPERASJONSBORD!!På Seaside Custom forumet, under "Rust In Peace" kan du lese om Bobla som tidlegare var i Arvid Steen sitt eige, og som i dag står og rustar i Olsenløa på Austnes. Nokre tilleggsopplysningar er komt til :o) Les meir om dette på SSC forumet!! 30.05.10 Foto: Gunnar Standal |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ SUNNMØRSTREFFET 2010, ØRSTA!!Søndag 23 mai reiste Merete og Jan Petter (Corvette), Ann Mari og Nils Idar (Pontiac Bonneville), Helge (Chevelle) og underteikna m/fam på Amcar treff i Ørsta, der Sunnmørstreffet i regi ACC Ørsta/Volda gikk av stabelen. Helge var også innom på laurdag for og køyre minidrag med sin Honda Acura, men vart avvist sidan det i år kun var Amcars som fekk delta. Bilane til Merete og Jan Petter, samt Ann Mari og Nils Idar vart premiert for beste 50-talar og beste 90-talar. Seaside Custom gratulerer!! Dagen vart ei kjølig affære med litt ferre bilar utstilt enn normalt, men alt i alt ein triveleg dag der regnet trua, men holt seg vekke stort sett under heile treffet. Sjå bilda her!! 24.05.10 |
|
|
|
|
GARASJERUNDE
I GISKE KOMMUNE 27.05.10!!Torsdag kveld inviterer Storfjordens Automobil Klubb til garasjerunde i Giske kommune. Jostein Teistedal tar ansvaret for guiding og bevertning blandt skjulte skatter på øyane nord for Ålesund. Oppmøte kl.18.00 ved Hjulhuset i Brusdalen, eller kl.18.30 på Valderøy gamle ferjekai!! Dette burde vere ein fin kveldstur for Seaside Custom, skal vi seie 16.35 ferga frå Austnes??? Kanskje ein reprise av den trivelege 17 mai cruisingen?? :o) 22.05.10 Her ser du ekvipasjen til Jostein Teistedal, under bilutstillinga på Valderøy gamle fergekai under 50 tals veka på Valderøy 2009. |
|
|
|
|
ARBEID
PÅ SSC HALLEN 18.05.10!!Forrige tysdag var det nye tak i SSC tomta, då gjengen atter ein gang var samla om målet for og få til ein felles klubbhall for Seaside Custom. Sjå bilder og følg prosjektet på SSC forumet!! Neste økt blir tysdag 25.05.10... Vel Møtt!! 22.05.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ KLASSETUR TIL POLEN!!I slutten av april i år var Hege Ravnestad med Haramsøy Ungdomskule på klassetur med hvite busser til Polen, Tjekkia og Tyskland. Sidan det er tredje gang Hege er med på turen, så har ho nok bilder av konsentrasjonsleirane og saltgruva, og valgte derfor i år og rette kameralinsa mot bilparken i disse landa... til stor glede for Seaside Custom som får eit lite innblikk i veistandard, bilpark og andre raritetar!! Tekst & Foto: Hege Ravnestad Les meir her!! 18.05.10 |
|
|
|
|
17
MAI CRUISING!!Ut på ettermiddagen, sjølvaste 17 mai tikka det inn ei sms melding på telefonen min som sa: "Pynt bilen din med bjørkeris og flagg, og møt opp ved butikken på Longva for felles cruising kl 20.00". Som sagt så gjort, og då eg annkom butikken, sto der 14 bilar opplina kreativt pynta med bjørkeris og flagg. Ferda gikk mot bussgarasjen på Nogva, og så vidare til kirka på Austnes. På Ulla møtte vi Andreas med sin Harley som blei med, og ved kirka kom også Grethe og Geir med sin MGB. No var vi 15 bilar og ein sykkel.... ikkje verst :o) Etter litt prat ved kirka, køyrde vi til fergekaia på Austnes, for og få med oss ferge ankomsten der kl 09.30. Her troppa Kristian opp med ein til års komen sykkel, også den flott pynta med bjørkeris og flagg. Etter at nokre forundra fergepassasjerar hadde køyrt i land, satte vi kursen mot yste Flem, for og ta litt bilder og for å sjå sola som gikk i havet!! Dette vart ein sosial og triveleg tur, som heilt klart må gjentakast neste 17 mai... eller helst før!! :o) Sjå bilder her!! 18.05.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ VÅRMØNSTRINGA PÅ AURE 15 MAI!!No finn du bilder frå Vårmønstringa på Aure, i regi Honky Tonk Cruisers, som gikk av stabelen 15 mai i strålande veir!! Sjå fotoalbum her!! 17.05.10 |
|
|
|
|
SUNNMØRSTREFFET
OG VÅRTREFF I SUNNDAL!!Helga 21-23 mai inviterer American Car Club Ørsta/Volda til treff på Ørsta. Her blir det cruising - minidrag - treffcamp - utstilling og Rock'n Roll!! Les meir om Sunnmørstreffet 2010 her!! Laurdag 22 mai inviterer Indre Nordmøre Veteranvognklubb, til vetranløpet "Vårsleppen 2010" på Sundalsøra. Start ved Øra skule, og målgang ved Trædal Hotell og Turistsenter!! Les meir om vetranløpet "Vårsleppen 2010" her!! Volks West på Sunndalsøra. I samband med vetranløpet til INVK på Sunndalsøra, inviterar Volks West til samling på Furu Camping. Fredag blir det grilling og sosialt. Laurdag, deltagelse på Vårsleppen (Arr: INVK). Søndag, uoffesiell utstilling med enkle premiar. Les meir om treffet her!! Bilde henta frå www.brentdekk.com 17.05.10 |
|
|
|
|
HONKY
TONK CRUISERS VÅRMØNSTRING 15 MAI!!Denne lørdagen inviterer HTC til VÅRMØNSTRING kl. 1100 ved klubblokalet i Tømmervåg, på Tustna i Kristiansund. Vi håper på biler fra hele fylket samt fra Sør-Trøndelag. Det vil bli Storfest i lokalet fra kl. 2100. Hjertelig Velkommen!!!!!! Følg med på www.honkytonkcruisers.no for meir info!! 10.05.10 Bilde henta frå www.honkytonkcruisers.no |
|
|
|
|
MOTORSPORT
I KORSATUNELLEN, ÅLESUND!!Lørdag 15. mai fyller NAF Motorsport Ålesund Korsatunellen med alt vi driver med innen motorsport, og stiller ut Rally, Rallycross, Bilcross, Karting, Biltrail, MX og Knattecross, ATV - cross, Gatebiler, Autoslalåm +++ Her vil du også møte NAF Ålesund og omegn som vil være presentert med egen stand. Vi kårer Sunnmmøres råeste gatebiler med flotte premier i flere klasser. Vi kjører også på med db - drag med premiering for anlegg over og under 15 000,- Våre støttespillere viser det siste innen styling, tuning, felger og dekk. Vestlandske Auto vil vise det siste innen nye biler som er lansert og mye mer! Vi vil også legge opp til aktiviteter for de minste med kjøregård for ATV fra 5 år ... Les meir her!! NB!! Husk og ta bilder den som måtte ta turen (Web.ansv.) Bilde henta frå www.gatebil.no |
|
|
|
|
TREFF
SOM HAR VORE!!I terminlista til SSC er der mange treff oppført, men det vil ikkje seie at vi kan delta på alle. Her er nokre linkar til bilder og info, av treff som har vore. Søndag 25 april var det sesongopning på Mjelva, Åndalsnes ved Knut Tore Sylte sine flotte garasjelokale. På Nordmøre og Romsdal Køyretøy Historisk Klubb, og på www.midthaug.net finn du bilder frå dette treffet. Laurdag 1 mai og søndag 9 mai har det vore full action på Ålesund motorstadion. Først med sunnmørscup#2 i autoslalom og Værstingløpet i bilcross denne helga. Meir info om dette her!! Laurdag 8 mai arrangerte Nordmøre Gatebilklubb vårslepp/bilutstilling i Surnadal. Sjå forumtråden her!! 09.05.10 Bilde henta frå www.nrkk.no sine sider. |
|
|
|
|
NYTT
SPENNANDE PROSJEKT PÅ SSC FORUMET!!På Sula bur ein triveleg gamalbil entusiast... eller skal vi seie engelsk bil entusiast ved navn Martin Rolén Hustad. Eg kom i kontakt med denne karen etter at eg sende ut ein felles invitasjon til Øyatreffet på mail, til mange SAK medlemmar. Då oppdaga Martin heimesida vår og kontakten var oppretta!! På Byrunden i Ålesund gjorde Martin eit godt intrykk på SSC sine Rover entusiastar då han stilte med sin flotte Rover P5B frå 1968. Vi gledar oss til han tar turen ut hit på Øyatreffet 12-13 juni!! I garasjen sin heime på Sula held Martin på og total- restaurera ein Triumph 2000 MKII 1973 mod. og no kan du følge prosjekt tråden hans på SSC forumet vårt. Her fortel Martin historia til bilen, og du finn link til fotoalbumet som viser mange bilder i frå restaureringa!! Dette er rein inspirasjon for oss gamalbilentusiastar!! God fornøyelse!! Gå til Martin sin Triumph tråd her!! 09.05.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ AMCAR TREFF I FOSNAVÅG 2010!!Laurdag 1 mai gikk det årlege amcar treffet i Fosnavågen av stabelen, og frå Seaside Custom var Helge Kjellstad Rogne (Chevelle), Stian Tvett (Camaro Z28), Rune Bergsnes m/fam (Chevy Van G30), Merete og Jan Petter Urke (Corvette), og Lars Magne Aure (Chopperen "Långbein") som var der. Helge har knipsa ein del bilder som du kan sjå her!! 05.05.10 |
|
|
|
|
BILDER
FRÅ CRUISING OG VÅRSLEPP 2. MAI!!Som tidlegare nevnt var oppmøtet så som så, og det er litt synd at ikkje fleire av våre eigne medlemmar deltar når vi inviterer til luftetur med doningane våre, men det passa vel ikkje for alle støtt?? Vi som var der hadde i alle fall ei triveleg stund i lag, med forholdsvis bra veir, men kald vind og lav temp. Ein vinnar av beste vårpuss skulle kårast, og dette skulle vise seg og ikkje vere noko enkel oppgåve, med så dårleg vaskeveir i forkant. Dei fleste bilane var litt skitne, og vi måtte sjå på innredninga og i motorrommet for og skille "klinten frå veten"!! Her var det mange som hadde synda, som burde leite fram både støvsugar og vaskebytte, men til slutt var det Ann Mari og Nils Idar med sin Bonneville som drog det lengste strået med reinaste motorrommet, strøken innredning og ei flott utstilt pokalsamling i bagasjerommet. Seaside Custom gratulerer!! Sjå bilder her!! 04.05.10 |
|
|
|
|
EIN
SMAKEBIT FRÅ VÅRSLEPP 2010!!I dag gikk vårt årlege vårslepp av stabelen, og ein 10-15 bilar var oppmøtt på bankplassen på Haramsøy, for og delta på ei noko utvida cruising rute. I år gikk ruta heilt ut på yste Haram, og innom bussgarasjen på Nogva, før vi enda opp på ungdomshuset Framtun for kaffi og vaffle!! Oppmøte var sann passe, men ein kan vel heller ikkje forvente så mykje meir når ein vaknar til snødekte veier. Slik såg frontruta på 140'en min ut i dag tidleg, då eg skulle in på Framtun og gjere klart!! Oppmøte besto av lokale klubbmedlemmar, men eg veit at ein flott grøn f-skilta Rover hadde satt kursen mot øyane, men måtte gjere vendereis p.g.a startvanskar etter bensinpåfylling... dette var veldig synd, men no er feilen fiksa og alt er klart for Øyatreffet... vi gledar oss!! Bilder og meir info frå treffet er i kjømda, må berre samle inn alle bilda frå alle fotgrafane først!! I mellomtida kan dåkke kose dåkke med ein liten filmsnutt... sjå her!! 02.05.10 |
|
|
|
|
BACCALAO,
SPRÅKTRENING OG HALLBYGGING!!Tysdag 27.04.10 vart dei siste buane til SSC hallen reist, med god hjelp i frå disse polske herrane på bildet!! F.V: Blazej Ganski, Jaroslaw Lewandowski & Piotr Szmyd. Kompetanse Haram har satt i gang eit prøveprosjekt på Haramsøy og Longva, som ein har valgt og kalle Språktrening og Integrering. Dette skal vere med på og hjelpe våre nye statsborgara til og snakke norsk, gjennom aktivt og vere med på ulike aktivitetar på øyane. I den forbindelse hadde Seaside Custom gleden av og få hjelp av disse nevenyttige karane!! Ekstra kjekt er det at Piotr Szmyd vil ha beskjed når neste dugnad blir avholt, slik at han kan fortsette språktreninga!! Damene på kurset var på Framtun for og lære seg og lage Baccalao, og når denne var klar, vart dugnads gjengen frå SSC invitert for og smake på. Det var ikkje heilt fritt for at nokre av SSC medlemmane sleit med og bøye seg etter på!! Sjå fleire bilder på forumtråden!! 29.04.10 |
|
|
|
|
![]() VÅRSLEPP 02.05.10 KL 12.00 PÅ HARAMSØY!! Bli med på felles cruising og sosialt samvær søndag 2 mai. Oppmøte ved bankplassen på Haramsøy kl 12.00. Kl 12.40, eller når ferga legg til, køyre vi til Haram, for så og køyre til Framtun på Rogne. Her blir det café, utstilling og godt prat!! Nytt høve til og studere Seaside Custom tomta og hallen. Premiering for beste vårpuss. Ferge frå Skjelten kl 11.05. Vel møtt!! 25.04.10 |
|
|
|
|
BYRUNDEN
2010, ÅLESUND!!Laurdag 24.04.10 køyrde fire bilar i frå Seaside Custom ombord i 09.35 ferga frå Austnes. Grethe og Geir med MGB, Ann Mari og Nils Idar med Pontiac Boneville, Knut med Jaguar, og underteikna med min Volvo 142, og alle hadde kursen mot Ålesund og Byrunden i regi Storfjordens Automobil Klubb. Fredag opplevde vi 4 års- tider, med snøv og sludd på det verste, men laurdag viste veirgudane seg i frå si beste side, og vi køyrde saman til byn i strålande solskin. Kl 11 ankom vi Moa, og der i frå køyrde vi saman med mange andre treffdeltagara, til Ålesund for oppstilling i gågata. Her hadde vi nokre trivelege timar i lag med likesinna, og vi nytta høve til og reklamere for Vårsleppet til helga, og Øyatreffet 12-13 juni. Sjå bilder frå Byrunden 2010 her!! 25.04.10 |
|
|
|
|
GARASJEBESØK
HOS GRØFTEKANTEN AUTO!!Omtrent midt på Sorenskriver Bulls gt i Ålesund, held ein gjeng med sansen for det luftkjølte til. Her er det VW det går i, og i tillegg til dei flotte folkevognene, var her ei imponerande annsamling av folkevognbussar, i ulikt utførande!! Her fant du pickups m/kort og lang hytte, varebussar, brannbussar, og spora etter ein ambulansebuss for og nevne nokre. Inne i dei fine garasjelokala fant ein fleire bilar og prosjekt, delesalg, VW gadgets og kaffé med salg av blant anna kalde pølser for sjølvgrilling utanfor... ganske enkelt genialt!!! Etter ein fin fin dag med Byrunden i Ålesunds gågate, fekk eg toppa ettermiddagen med eit triveleg garasjebesøk i Grøftekanten Auto sine lokale!! Sjå bilder frå garasjebesøket her!! 25.04.10 |
|
|
|
|
RØRSVEISING
I CUSTOMEN!!Tysdag 20.04.10 var gjengen samla i garasjen på Rogne for og forlenge røra som skal vere mellom dei to neste buane på SSC hallen. Grunnen til at disse røra blir forlenga, er at mellom disse buane skal leddportane stå. For og få plass til 3m breie portar må vi auke avstanden mellom buane med ein halv meter!! Frank Solbjørg og Knut Otterlei hadde med seg rør frå Aakre Mek, og kappa disse opp i halv meters lengde. Olav Arne Nogva kappa røra til hallen, og alt dette var gjort i forkant slik at alt var tilrettelagt for linjeproduksjon denne kvelden!! 19 forlenga rør vart ferdigstilt, nok til og reise og stive av dei to neste buane!! Følg hallprosjektet her!! 21.04.10 |
|
|
|
|
VÅRSLEPP/BYRUNDEN
I ÅLESUND 24.04.10!!Laurdag 24 april må Seaside Custom mobilisere styrkane og ta turen til Ålesund. Seaside Custom oppfordrar alle sine medlemmar om og leite fram finbilen og bli med og delta. Skal vi seie 08.20, 09.35 eller 10.50 ferga frå Austnes?? Dette får vi kome tilbake til ut i veka!! Det hadde vore kjekt om vi kunne køyre i felles kortesje til Ålesund og Byrunden denne dagen. Gi lyd ifrå deg om du har tenkt og ta turen!! Grøftekanten Auto arrangerer også vårslepp/garasjetreff kl 16.00, så det er mykje som skjer denne dagen i Ålesund!! Til info: Vi møtes som vanlig på parkeringsplassen ved Stormoa fra kl 10 og kjører samlet til byen ca kl 11.00 for oppstilling i gågata. Vi oppfordrer alle til å lete innerst i skapet etter tidsriktige antrekk og gjerne ta med campingstoler, bord og annet utstyr fra samme epoke som bilen. Arr: Storfjordens Automobilklubb. Meir om byrunden her!! 18.04.10 |
|
|
|
|
|
VÅRSLEPP/GARASJETREFF I ÅLESUND 24.04.10!! Laurdag 24 april kl 16.00 inviterer Grøftekanten Auto til vårslepp/garasjetreff i sine flotte lokale like ved hurtigrutekaia i Ålesund. Ta med bilen din og kom!! - Det blir delesalg, og vi på Grøftekanten rydder skuffer og skap så her blir det mange godbiter! Er det noen av dere som kommer, som har deler dere ønsker å selge så ta det med! - Det blir også muligheter for å kjøpe modellbiler og t-skjorter/genserer og annet. - Aktiviteter for barna. - Loddsalg med fine premier... - Vi tenner grillen, så tar dere selv med det dere ønsker å spise og drikke (grillmat) - Salg av kaffi og vafler til en billig penge. Alle er hjertlig Velkommen. Følg med på forumtråden deira her!! 18.04.10 |
|
|
|
|
BLI
MED PÅ DUGNAD 13.04.10 KL 18.00!!strong>Tysdag 13.04.10, kl 18.00 blir det nye tak i SSC tomta. Vi er no begynt arbeidet med og reise buane til hallen, og no treng vi mange flittige sjeler til og reise buane og montere staga mellom dei. Her blir det arbeid til alle!! Ta med skøyteledning og store piper/fasnøklar 17 og opp til 30mm om du har!! Følg hallprosjektet her!! Vel møtt!! 12.04.10 |
|
|
|
|
AUTOSLALÅM,
SUNNMØRSCUP # 1, 17.04.10!!Våren er her! Slipp hestekreftene fri!!, seier NAF Motorsport Ålesund og inviterer til Sunnmørscup i autoslalåm, laurdag 17. april kl. 14.00 på Ålesund Motorstadion! Les meir om arrangementet her!! NB!! Husk og ta bilder, om du tar turen!! 09.04.10 |
|
|
|
|
BILSPORT
PERFORMANCE SHOW "ELMIA" 2010!!Stephan Håbet frå Moldestuket, har vore på Elmia i påska... heldigrisen, og no har han lagt ut bilder i frå showet på www.moldestuket.com. Eg personleg falt for denne ekvipasjen, som mest sansynleg var den lavaste bilen under utstillinga!! Sjå første del av bilda her!! God fornøyelse!! 09.04.10 Foto: Stephan Håbet, www.moldestuket.com |
|
|
|
|
TO
FØRSTE STÅLBUANE PÅ PLASS!!Tysdag 06.04.10 vart dei to første stålbuane reist på SSC hallen. Vi har fundert litt på korleis vi skulle gjere dette, men til slutt valgte vi og prøve med Hydromacen. Etter litt prøving og feiling, så viste dette seg og gå heilt fint!! Sjå fleire bilder på forumtråden!! 06.04.10 |
|
|
|
|
MÅNADENS
BILDE APRIL!!Drar du kjensel på disse karane, eller denne bilen?? Inge Rogne har sendt inn eit flott bidrag om sin Rambler, som han kjøpte av Steinar Nogva i 1971. Her kan du lese Inge si historie om bilen!! Gå til månadens bilde!! 28.03.10 |
|
|
|
|
"RUST
IN PEACE" I OLSENLØA!!I Olsenløa på Austnes står denne folkevogna overlatt til seg sjølv, og rustar i fred og ro. Kva blir skjebnen til denne bilen skal tru?? Sjå fleire bilder her!! 28.03.10 |
|
|
|
|
FØRSTE
ØKTA I TOMTA I ÅR!!Så var det endelig blitt litt vår i lufta, og årets første dugnadsøkt vart gjennomført tysdag 23.03.10 Veiret var ikkje heilt på vår side, men likevel var der godt oppmøte. Les meir på forumet!! 24.03.10 |
|
|
|
|
BIMMERN
TAR FORM!!På SSC forumet kan du lese om BMW'en til Preben Lorgen, og hans gjenoppretting etter eit lite uhell i fjor. No har Preben lagt ut nye bilder av prosjektet, og dette er virkelig begynt og ta form!! I følge prosjekttråden hans, skal påskeferien nyttast til og klargjere bilen for lakk, og så blir den lakka over påske. Kanskje Bimmeren blir klar til vårsleppet 2 mai?? Sjå fleire bilder her!! 22.03.10 |
|
|
|
|
FORDSON
MAJOR PÅ HARAMSØY!!Rune Bergsnes har vore ute med kameraet sitt igjen, og denne gangen er det ein godt kamuflert Fordson Major på Haramsøya som har havna under "Rust in Peace". Sjå fleire bilder her!! 21.03.10 |
|
|
|
|
|
Fredag 19.03.10 var det duka for trafikk temakveld, i sjøbuda på Austnes, med Ernst Rogne som innleigd lærar og konfransier for kvelden!! Han gjorde ein flott jobb med og fortelle og svare på alle spørsmål som vart stilt i frå dei 40 oppmøtte, og han holdt liv i forsamlinga med sine kjappe replikkar og gode historie. Sjå fleire bilder her!! 21.03.10 |
|
|
|
|
REFORM
MULI 40 1972 MOD!!Eit nytt prosjekt er lagt ut på Seaside Custom forumet, og denne gangen er det Alpetraktoren til Rune Bergsnes som får litt kjærleg omtanke!! Les meir om prosjektet her!! 21.03.10 |
|
|
|
|
ØYATREFFET
12-13 JUNI 2010!!Dei siste vekene har styret i Seaside Custom jobba med og sette rammene rundt årets Øyatreff, og agendaen for treffet blir som følger. Laurdag markerer vi Nasjonal Motordag, og inviterer til cruising rundt om på øyane. Der etter samlast vi til felles grilling og sosialt samvær på Longvakaia, for så og fortsette kvelden med åpen pub på Gunnabuda. Vi har vore i kontakt med Gunnabuda, og dei vil holde åpen pub på laurdag, samt legge til rette for overnatting til dei tilreisande treffdeltagarane i form av hytter, rom eller camping ved Gunnabuda. Søndag kl 11.00 blir det utstilling ved Rolls-Royce slik som tidlegare år, med café, premiering og mykje fint og sjå på. Øyatreffet er eit treff for alle typar kørety litt utanom det vanlige, og vi ynskjer nytt, gamalt, orginalt og modifisert i skjønn forening. Her er det interessa rundt det motoriserte som står i fokus, og takhøgda er stor!! Mvh Seaside Custom Meir detaljert informasjon om treffet vil kome om litt!! 17.03.10 |
|
|
|
|
TERMINLISTE
2010!!Sjekk ut den nye lenken i menyen til venstre på sida!! Her vil du finne ei terminliste for 2010 over turar og treff som kan vere aktuelle for medlemmane i SSC. Ver flink og meld frå til underteikna (webansvarleg), om der er noko av arrangementa du veit du skal/vil delta på. Så kan eg prøve og spre det glade budskap her på sidene, slik at fleire medlemmar kan slenge seg med. Er her aktuelle treff som manglar i lista, så gi beskjed. Denne helga er det vintertreff på travbana i Surnadal, og 17.04.10 startar Sunnmørscupen i Autoslalom i Ålesund. Helga etter (24.04.10) går den årlege Byrunden av stabelen (arr: Storfjordens Automobil Klubb), og dette burde vere eit treff der Seaside Custom bør kunne samle styrkane og køyre i felles kortesje til Moa og der etter vidare til gågata i Ålesund!! Her ligg det an til shopping for damene og dekksparking for karane. Merk av datoen i kalendaren!! 06.03.10 Bilde frå Byrunden 2009. |
|
|
|
|
MÅNADENS
BILDE MARS!!Denne gangen er det Olav Arne Nogva som har leita i gamle arkiv og funne bilder av bobla som han eigde på slutten av 70-talet. Seaside Custom takkar for bidraget og oppfordrar alle andre til og kome med bilder av gamle køyrety, som har vore ein del av trafikkbildet på øyane opp gjennom åra!! Les meir om folkevogna til Olav Arne her!! 04.03.10 |
|
|
|
|
TRAFIKK
TEMAKVELD MED ERNST ROGNE!!Fredag 19 mars kl 19.30, inviterer Seaside Custom til temakveld på Sjøbuda, Austnes. Vi har vore så heldige og fått med oss Ernst Rogne, frå Rogne Aut. Trafikkskole A/S, som vil fortelle og svare på spørsmål som ein evt. måtte lure på, når det gjeld alt som har med førarkort klasser, oppgraderingar, lærekøyring, lovar og reglar osv. Her er det berre og møte opp og spørre i vei!! Arrangementet er åpent for alle!! Vi startar kvelden med reker, loff og salat. Pris pr. pers. kr 100,- Alkoholfritt arr. Meld din ankomst innen 17.mars til Frode Ravnestad. Tlf: 95 83 88 28 Mail: f-ravne@online.no Vel møtt, til ein informativ og sosial kveld!! 03.03.10 |
|
|
|
|
ÅRSMØTE
I SEASIDE CUSTOM!!Tysdag 02.03.10 vart det avholt årsmøte i vestibyla på Nordøy Grendahus. Med 20 oppmøtte var vi beslutningsdyktige med god margin. Vi starta kl 20.00 og møte varte til ca 22.30. Eit møtereferat vil bli sendt ut på mail til våre medlemmar, så snart dette er korekturlest!! 03.03.10 |
|
|
|
|
RENOVERING
AV FORD 550 GRAVELASTER!!Under løebrua på heimgarden til Harald Otterlei, skjer der store forvandlingar. Der får denne Ford 550'en kjærleg stell, dvs ei total renovering!! Les meir om dette på SSC forumet her!! 03.03.10 |
|
|
|
|
ROVER
P4 100 1960 PÅ AUSTNES!!No har Rune Bergsnes, som er lykkelig eigar av denne flotte Rover 100 med fin "patina", oppretta ein eigen tråd på SSC forumet. Her kan du følge prosjektet hans, og sjå film av motoren som startar etter 15 år i dvale. Eg oppfordrar alle andre som har eit prosjekt på gang om og gjere det same!! Gå til Rovertråden her!! 03.03.10 |
|
|
|
|
ÅRSMØTE
I SEASIDE CUSTOM!!Tysdag 02.03.10 kl 20.00 er det igjen duka for SSC årsmøte i vestibyla på Nordøy Grendahus. NB!! Merk ny dato 02.03.10, og ikkje 09.03.10 som sto lenger nede på sida. Har du saker som du syns vi bør ta opp, så send dette til Frode Ravnestad på f-ravne@online.no Velkomen!! 17.02.10 |
|
|
|
|
|
Tysdag 16.02.10 var gjengen atter ein gang samla inne i garasjen på Rogne, og målet for kvelden var og få sveisa ferdig dei siste dubbelbuane til SSC hallen. Les meir her!! 17.02.10 |
|
|
|
|
|
I 2009 søkte Seaside Custom Gjensidigestiftelsen om midlar til klubben sine prosjekt. Og like før jul tikka det inn ei melding om at SSC hadde fått tildelt 85.000kr. Tysdag 9. februar, var Seaside Custom saman med alle dei 39 andre lag og organisasjonane, som hadde vore så heldige og fått tildelt midlar, invitert til ei markering og utdeling av midlane på Rica Parken Hotel i Ålesund. Seaside Custom møtte mannsterkt opp!! Les meir her!! 10.02.10 |
|
|
|
|
STYREMØTE
I SSC!!Tysdag 02.02.10 hadde Seaside Custom styremøte heime med Trond. Nokre viktige datoar måtte på plass. Den viktigaste i første omgang var årsmøte som vart satt til 9.mars i vestibyla på Nordøy Grendahus. Så var det Vårsleppet som vart satt til søndag 02. mai, og så er det Øyatreffet som som vil gå av stabelen 12 eller 13. juni, eller over begge dagane alt etter korleis vi vil legge det opp. Dette får vi kome tilbake til på årsmøtet. I tillegg til dette vart det drøfta ein del andre saker, som vi også vil kome tilbake til på årsmøte. Møte vart forøvrig utsatt med ein time, sidan programmet til Dorthe Skappel, "Ekstrem lidenskap" begynte ved møtestart. Temaet denne gangen var ekstrem lidenskap for bil, og dette kunne vi sjølvsagt ikkje la gå i frå oss!! Her følger karane spent med!! 06.02.10 |
|
|
|
|
NY
PROSJEKTTRÅD PÅ SSC FORUMET!!No kan du lese om Sindre Uri sin flotte 1962 modell 2 dørs hard top Chevrolett Impala, på Seaside Custom forumet vårt!! Kjekt at våre medlemmar kan fortelle litt om sine bilar og prosjekt på forumet. Eg vil oppfordre alle andre til og gjere det same. Dette skapar ei aktiv side og eit meir spennande forum!! Les meir om Impalaen her!! 01.02.10 |
|
|
|
|
MÅNADENS
BILDE, FEBRUAR!!Denne gangen er det Jan Petter Urke som har sendt inn eit bidrag til månaden bilde. Dette er hans 1963 mod. Oldsmobile Dynamic 88, som var i hans eige i slutten av dei glade 70-åra!! Les hans historie om bilen på Månadens Bilde!! 29.01.10 |
|
|
|
|
ROVER
90 P4 PICKUP!!I 2005 henta Frode heim ein gamal Rover 90 P4, som han fekk bytta til seg mot at han tegna eit t-skjorte motiv til Oddvar Åm og Åm Trafikk Skule. Roveren fekk raskt navnet "Sir Rusty", for her var det mykje krokan!! "Rusty" har fram til i dag stort sett berre blitt lagra, og det har ikkje vore dei heilt store framstega på prosjektet. Så fekk Frode ein vill ide om og bygge pickup av "Rusty" og i følge forumtråden hans, kan det virke som at prosjektet no har fått ein ny giv!! No har Frode tatt opp kampen mot rusten, og vi får håpe han lykkast i og kome i mål med dette, slik at resten av pickup prosjektet kan realiserast. Fordelen med pickup er at han berre treng og rustsveise halve karosseriet!! Ramma har tidlegare blitt sandblåst og lakka, så denne er heil og fin. Elles så inngår her ei heil rekke med Volvo komponetar slik som 140-forhjulstilling, 240-drivline og motor, samt PV-bakskjermar +++ Så gjennstår det og sjå om dette lar seg gjennomføre?? Her ligg det an til ein tett dialog med biltillsynet!! Følg prosjektet her!! 23.01.10 |
|
|
|
|
STADIG
NYE FORANDRINGAR PÅ CHEROKEE'EN!!Elfinn gjere stadig nye framsteg på sin Cherokee ute på Ulla, og no er innreinga snart klar!! Han har fjerna rust i dørken, fått inn nye dempematter, satt in bakste med tilhøyrande selar, stiva opp og trekt om innertaket, samt lakka og satt sitt eige preg på deksel og panel "all over"!! No har han også satt fruen i sving, samt tatt i bruk kviledagen for og få endå meir framgang på prosjektet!! Følg prosjektet her!! 19.01.10 |
|
|
|
|
|
Tysdag 12.01.10 var planen og ha dugnad på H-produkter, men sidan arbeidsleiaren vår Kolbjørn måtte melde pass p.g.a sjukdom så vart det ein kveld i garasjen i staden for!! Det er alt for langt mellom disse kveldane no når bygging av klubblokale pågår for fullt, men denne tysdagen var det full aktivitet i garasjen!! Sjå fleire bilder her!! 16.01.10 |
|
|
|
|
MÅNADENS
BILDE, SISTE FERGA!!Under månadens bilde for 2010, har vi valgt og gå litt tilbake i tid. Vi vil sjå litt på bilar og andre køyrety som har gått eller som har hatt tilknytning til øyane. Køyrety som vert huska enten på grunn av sitt særpreg, eller på grunn av si rolle i trafikken på øyane. Seaside Custom er svært interessert i å få låne bilder av gamle bilar, traktorar, bussar, lastebilar, mc osv, som har gått eller som har hatt tilknytting til øyane. Papirfoto er ingen problem!! Vi skanna bildet og leverer det tilbake. Ei ypperlig anledning til og få digitalisert eit gamalt foto. Ta turen opp på loftet, å leit i gamle bilder. Sjå om du finn bilder av køyrety frå ei svunnen tid!! Først ute er eit bilde frå "siste ferga" på Austnes sommaren -82 Gå til månadens bilde!! 13.01.10 |
|
|
|
|
MGB'EN
HEIME PÅ TUNET!!Ein har tidlegare kunne lese at Grethe og Geir Austnes har fått lakka opp igjen sin MGB, og i slutten av november fekk Geir henta bilen heim!! Her er nokre snikfoto!! 10.01.10 |
|
|
|
|
OLEG
SITT BULL`S EYE PROSJEKT!!I følge §2 punkt 1 i Seaside Custom sine vedtekter, står det og lese at også interessa for båt er noko klubben omfavnar, og i løa til Oleg Ivanauskas, er der eit spennande båtprosjekt på gang!! Oleg har kjøpt in tegningar, matrial, lim og har dei siste 3 åra holdt på og bygge sin eigen båt i løa si. Draumen er og bygge sin eigen F-82R TRIMARAN, og at Oleg meinar alvor, er det ingen tvil om. Masta av aluminium på 11m er allereie komt på tunet!! Men i første omgang har Oleg satsa på eit litt mindre prosjekt, eit lite seilbåt prosjekt kalla Bull`s Eye, for og lære seg og beherske byggeteknikken. Denne båten er han snart ferdig med, og satsar på sjøsetting til våren. Han har laga ein fin blogg med mykje bilder, som viser byggeprosessen. Teksten er på hans morsmål russisk, men bilda talar for seg sjølv!! Gå til Bull`s Eye bloggen her!! 06.01.10 |
|
|
|
|
|
Som sikkert mange har fått med seg, så har Seaside Custom tatt over lakkboksen som sto på H-Produkter. Denne blir betalt i form av dugnadsarbeid, og Seaside Custom har i tillegg til og fjerne lakkboksen, måla ein del veggar i produksjonslokala til H-Produkter. Ein tysdag like før jul, i går kveld og i skrivande stund er det og har vore utført dugnadsarbeid av SSC på H-Produkter, og no er det nokre branndører som skal skiftast ut. Her ser du karane i aksjon, med eine dørkarmen ute!! F.H: Pompel & Pillt, samt arbeidsleiaren Kolbjørn!! 06.01.10 |
|
|
|
|
NYTT
PROSJEKT PÅ SSC FORUMET!!Stig Sandal har gått til innkjøp av endå ein bil, og det er intet ringare enn ein Lada Niva 4x4!! Ikkje så mykje du ser til disse bilane lenger, og no ynskjer han og dele erfaringar med andre lykkelege Lada eigarar på forumtråden sin. Gå til forumtråden her!! 04.01.10 |
|
|
|
|
85.000
FRÅ GJENSIDIGE STIFTELSEN!!For ei tid tilbake sende Seaside Custom ein søknad inn til Gjensidige Stiftelsen, og like før jul fekk klubben verdens beste julegåve. Det viste seg at Seaside Custom hadde fått tildelt 85.000kr i frå Gjensidige Stiftelsen. Dette kjem godt med i den vidare bygginga av klubbhallen vår!! Les meir om Gjensidige Stiftelsen her!! Sjå tildelinga her!! 01.01.10 |
|
|
|
|
GODT
NYTT ÅR!!Seaside Custom ynskjer alle våre medlemmar og ivrige lesara eit riktig godt nytt år!! Ein av våre medlemmar, Stig Sandal har lagt ut dette fine vinter bildet av "Boblisen til kåna", der den står i ein litt for liten garasje i påvente av våren. Besøk forumtråden hans her!! 01.01.10 |
|
| SJÅ ELDRE INNLEGG HER >> | |
|
|
|