1 9 7 2   H U R S T / O L D S   C U T L A S S   S U P R E M E   C O N V E R T I B L E
 
Under siste nytt i 2008, kunne ein lese om
Andreas Ulla sin 1972mod Hurts Olds, som var og sjå
på vegane her ute på øyane i perioden 1998 og fram til 2000. I 2000 oppsto der ein motorbrann i bilen, og
etter dette vart bilen ståande, for så og bli solgt vidare til Hans Petter Stenødegård i frå Tomrefjorden.

Før motorbrannen i 2000, var det lagt ned mykje arbeid i bilen, for og stille den tilbake til si orginale Official Pace
Car form, ny lakk, nye stripesatsar, sveisearbeid osv. Andreas har no sendt meg nokre bilder av bilen, som viser korleis bilen såg ut etter restaureringa og før
den trasige motorbrannen!!
Ein spesiell bil, og feit "kjerre", i svært få eksemplar!!   
 
 
(Dette vart skrive om bilen i 2008!!)

Bilen vart lokalisert inne i Tomrefjorden, hos
Hans Petter Stenødegård, og det var Kristian Aakre
som var inn dit i romjula og knipsa nokre bilder av
denne bilen som i perioden 1998-2000 rulla rundt på vegane her ute på øyane.
Det var Andreas Ulla som då eigde bilen, og han
hadde då akkurat avslutta ei ganske omfattande restaurering, som hadde pågått nokre år
då fram mot -98.
I 2000 oppsto det ein større brann i motorommet, og
motor og kalesjen fekk store skader, som igjen førte
til at bilen vart ståande fram til ca 2002.
Då var det den noverande eigaren kjøpte den.
Og som du ser av bilda er han no starta ei ny
omfattande restaurering igjen!!
Dette er ein bil som er rekna for å vere ein ordenteleg
"værsting" av muskelbilane på den tida, og at bilen
er ein "Official Pace Car", som kun er produsert 130stk
av, gjær ikkje denne bilen noko mindre spesiell!!

Les meir om Hurst/Olds bilane her!!

                                                            Tekst: Trond 05.03.08
                                                            Foto: Kristian