N Y T T   K L U B B L O K A L E
   

 Heilt sidan den spe begyndelse i 2003, har Seaside Custom holdt hus i den gamle strutsefjøsen på Rogne. Dette lokalet har tjent
 oss godt, men allereie i 2005 var det begynt og bli så mange bilar og prosjekt at lokalet var blitt for lite. Vi løyste dette problemet
 med å utvide lokalet i 2006. Då reiv vi ned ein vegg og fekk større mekkelokale, samtidig som vi fekk laga oss ei skikkelig kaffirom.
 Ei så kalt "rølekrå"!! Sjå bilder i frå utvidinga her. 
 Det gikk ikkje lenge før også dette mekkelokalet vart fylt opp, og lysta til å få bygd vårt eige lokale vart berre større og større.
 No var interessa rundt klubben også blitt stor, og vi begynte og sjå muligheitene for å få realisert planane, no når der var så
 mange positive krefter rundt klubben. Vi starta jakta etter ein hall, og i slutten av 2007 slo vi til og kjøpte denne hallen som du ser
 under. Hallen fant vi på finn.no, og den var lokalisert i Mandal. No ventar vi berre på byggeløyve i frå komunen, før vi startar
 utgravinga av tomta. Kvar dette blir, får vi kome tilbake til når søknaden er godkjent.
 

Stor port i eine enden.

Baksida

Nokre bilder i frå innsida.

Hallen har tidlegare blitt brukt som lagerhall for fritidsbåtar.

Lysarmatura er med på kjøpet.

Det er traverskranen også. (kranen løftar 1 tonn)
 
 Harald har laga nokre flotte tegningar av hallen, som illustrerer ganske godt korleis vi ser for oss det nye klubblokalet.