B I L S A F A R I   I   S T R A N D A D A L E N
                                                                                                                                                                                   Bilder: Trond Ravnestad
I forbindelse med ein barnedåp helga 15-17 oktober 2010 i Sykkylven, enda eg opp på ein "bilsafari" i Strandadalen.
I eit gamalt uthus like ved golfbana i strandalalen, står disse skattane i påvente av eit nytt og bedre liv, eller kanskje ein ny eigar?
Her står det ein Mercedes 180 som er til salgs. Denne vart kjøpt i Ålesund for x-antall år sidan og køyrt dit den står i dag, og er
heil og komplett. Like att med denne står ein Audi Coupe S, med tidsriktig orginal gul farge og grønn innredning. Dette er ein bil
som ikkje er ofte og sjå i våre dagar. Ein må vel regne med litt rustsveising på begge bilane, men prosjekta er langt frå håplause!!
Like over vegen for golfbana under eit stabbur, i lag med traktorkjetting, oljefat, hesjestreng og andre gardsartikklar står ein flott
Jaguar Mk10... dette er vel ikkje ein Jaguar verdig?? Vil du redde denne skatten frå disse omgivelsane så er bilen til salgs!!
Den fekk ny lakk i -94, og vart nytta til bryllaupskøyring og anna, men etter påpeik av ei dårleg foring i forhjulstillinga under ein
EU-kontroll vart bilen berre ståande. Her står den endå og ventar på ein ny eigar som kan gi den eit nytt og bedre liv!!
Under det tjukke laget med støv skjuler det seg ein fin og spesiell Jaguar, som i følge eigar kun treng ny foring, nye dekk og
batteri ++, så er det tut og køyr... nye dørsider har han liggande. Sidan bilane sto litt "kjeitete" til så var det vanskelig og ta gode
bilder av dei, så eg har lagt ved eit illustrasjonsfoto av kvar bil, som viser korleis dei ser ut i dagslys.
Send ein mail til trond@seasidecustom.com om du er interssert, så skal eg formidle kontakten vidare!!