S E A S I D E   C U S T O M   S T A N D   P Å   H A N O   D A G A N E   2 0 1 1
 
Oversikt over Seaside Custom standen.
Legg merke til alle radioflya... helikopter, propellfly og seilfly.
Vi fekk låne Malvin Longva sin flotte gråtass, til og stille
ut på standen vår, og dette var eit populært innslag for unge og gamle.
Sofa kroken i SSC standen er alltid godt besøkt.
Her kan ein slappe av med ein kopp kaffi, og gamle gode  bilblad frå tidlig 80-tal og oppover.
Også i år hadde SSC rigga opp bilspel med stol, ratt og pedala, og dette er alltid like populært.

Planen var og ha storskjerm slik som tidlegare år... men lysforholda for prosjektor var for dårlig i Nordøy Hallen...
dvs, der var for godt lys :o)

Bilspelet var delt inn i to klasser:

Junior 0-15 år, der Bendik Marøy Austnes var best i denne klassa.

Senior 15 +, der Marius Nakken frå NAF Motorsport Ålesund var best.

Dei vart lykkelige vinnara av kvar si SSC t-skjorte!!
Eit anna populært innslag var Per Gunnar Øines sin flysimulator, der ein kunne øve seg på og fly radiofly.

I tillegg til flysimulatoren, hadde han tatt med seg eit propellfly og eit seilfly for utstilling.

Lars Inge Austnes hadde også tatt med seg eit bensindreve helikopter.
Svein Hugo Flem stilte ut eit el-drive jet-fly, som laga ein vanvittig lyd når ein ga full gass!!
Per Gunnar og Svein Hugo sponsa Seaside Custom med eit propell drive seilfly, lignande det som heng på veggen, og dette vart lodda ut på søndagen til intekt for klubben.

Den lykkelige vinnaren vart Nicholai Longva!!
ATS felgen du ser ved sida av sofaen, hadde vi tippekonkuranse på... her skulle ein tippe vekta på felgen. Den lykkelige vinnaren vart Magnus Urke som vant eit kroksett til garasjen, sponsa Coop Marked Longva!!
Sigbjørn Moe Klokk stilte ut sin nyrestaurerte Garelli Moped og eit påbegynt Tempo Corvette prosjekt.

Frode Ravnestad stilte også ut sin restaurerte Raufoss moped.
Seaside Custom hadde gleden av og ha NAF Motorsport Ålesund som nermaste nabostand, laurdag.
Der stilte dei ut ein uvanlig bil som, blir brukt i ei klasse som ein kallar Seven Racing. Denne bilen gjere Marius Nakken (bildet) det svært skarpt med for tida.

Les meir om dette på NAF Motorsport Ålesund
I tillegg kunne ein også prøve ulike grader av promillebriller, samt få ulik info om NAF og NAF Motorsport Ålesund
Ivrige små og store ungar når Svein Hugo prøvde og fyre i gang helikopteret sitt.

Seaside Custom takkar alle sponsorar, og alle som hjelpte til under helga!!