I 1993 kom far min og sa han hadde ein Volvo PV på hand.
Det var ein Volvo entusiast frå Sandane ved navn Petter Roset som skulle kvitte seg
med PV'en. Samtidig gjekk bror min Frode Ravnestad, og såg seg om etter ny bil.
Far min hadde då to bila. Ein 84mod Volvo 245 Diesel, og ein 79mod Volvo 245 GLE.
Broderen la fram eit forslag om å kjøpe PV'en, og der etter byte likt mot faderen sin GLE.
Som sagt som gjort, og handel blei det. Og eg som berre var ein liten "fjortiss" då i disse tide...
ja eg jubla!!! Tenk at faderen skulle kjøpe seg ein Volvo PV!!!!

Inntressa for Volvo spora eg heilt tilbake til barndomsåra. I familien har vi alltid køyrt Volvo, og dette har nok påverka meg i stor grad. Men i alle disse åra var det liksom PV'en som var favoritten. I 8 klasse vart eg enda meir fasinert av PV'en. Då fekk vi ei oppgåve i norsk, der vi kunne velge  tema sjølve. Eg nytta då høve til å fordype meg i historia til "den lille Volvoen". Etter dette var det gjort, og det at far min skulle til å kjøpe seg ein slik bil, gjorde ikkje inntressa mindre.

Det var ein mørk og våt haustkveld, eg og far min reiste ned til Petter Roset for å sjå på bilen.  I det vi svinga inn på tunet kunne vi skimte bakenden på ein gråbeige PV inne i garasjen. Vi gjekk inn og såg nærmare på bilen. Petter kunne fortelle oss at bilen hadde gått i Aust-Agder, noko som "I" skilta kunne fortelle oss. Det var ein eldre kar som hadde hatt bilen tidlegare. Han hadde gjort litt med bilen, blant anna å lakke bilen på nytt. Etter at han gjekk bort, solgte enka bilen til ein kar i frå Innvik i Stryn kommune. Her vart han brukt ei stund, før Petter kjøpte den og tok han med til Sandane i Gloppen kommune. Bilen var ikkje noko perle, men var i fin bruks skikk. Det var ein 544 C 1962 modell. Første modellen med 12volt elektrisk anlegg og B18 motor. Krommen var spartansk sidan det var ein favoritt. Det sto ei 4 trins gearkasse i bilen, men det originale ville ha vore ei 3 trins kasse. Rust såg det ut til å være lite av. Innreinga besto av fleire fargar, og var ikkje heilt perfekt. Førarstolen hadde begynt å merke tida's tann og var skeiv og sliten. Men på tross av dette var eg allereie frelst i bilen. Far min såg ut til å like den også, og det var nå klart for ein prøvetur. Motoren starta og gjekk som ei klokke, i det far min rygga ut i den grå haustkvelden. Eg sette meg inn i passasjersete, spent og klar til å ta min aller første tur i ein Volvo PV.
Etter litt fomling, for å finne fram til vindusvisker bryteren i den mørke kupeen, var vi klar til å glide ut av tunet. Dei litt slarkete vindusviskarane, jobba jamt og trutt med å holde haustregne vekke, og den jamne summinga frå varmeapparatet, fortalte oss at doggen på rutene snart ville forsvinne. B18'en drog oss velvillig dit vi ville, og samtalen vår vart stadig avbrutt av eit "klikk-klakk" frå nær/fjernlys bryteren i golvet, kvar gong vi møtte bil. Lyset frå speedometeret ga ei koselig belysning i bilen og etter kvart var temperaturen i kupeen begynt å stige. Eg satt og speida ut over det runde panseret, då far min spurte om han skulle kjøpe bilen.
Då var det ikkje nei i min munn, eg var ikkje i tvil. Dette var bilen over alle bilar!!!!!

Nokre dagar seinare var PV'en komt heim i garasjen vår på Breim i Gloppen.

PV'en vart brukt som best bil dei første åra, men det vil ikkje sei at den vart lite brukt. Den fekk lufta seg tett og ofte, og i 1994 reiste eg og far min til Voss, på vårt første Volvo treff med PV'en. Bror min Frode kom i frå Bergen og møtte oss der, og vi hadde ei koselig helg blant likesinna. Motoren i PV'en var no begynt og fuske. Ved pådrag, kunne motoren dø heilt vekk, får så og komme igjen med voldsom kraft. Dette førte til mykje rykk og napp i køyrestilen, og det gjekk sjølvsagt hardt utover drivverket. Vi trudde først dette skuldast rusk i forgassaren, men det skulle vise seg og være meir alvorleg enn som så. Det eine registertannhjulet av bakkelitt, hadde slått sprekker og sto der og bevega seg fram og tilbake på akslingen sin, noko som førte til missforhold i heile tenningssystemet. Etter og ha montert nye registertannhjul av stål, gjekk PV'en som ei kule igjen.

Tilbake                                                                                                                                                                                                                                          1995 >>