|
|
|
|
I juni 2002 gjekk Frode og planla ein tur til Vallåkratreffet * i Sør-Sverige. Han var først tenkt å køyre sin eigen bil, ein Volvo 740 GL, men så fekk han ein ide om at det ville vore moro og køyrt PV’en min. Etter å ha lufta tanken med meg, var det ikkje lenge før planane var klare.
* Vallåkratreffet: Starta som Volvo-treff har sidan utvikla seg til å
bli eit treff for alle typar bilar. Men har framleis 10 eigne klasser
for Volvo. Første gang arrangert 1982, siden arrangert august kvart år.
I år 1200 bilar, 55 firma stands, 15 bilklubbar, delemarked, 16900 besøkande.
|
![]() |
![]() |
Visse
forbetringar måtte gjerast før vi kunne ta PV’en ut på ein slik
langtur. Eg bestillte nye børstar, pedalaksel, kadangkryss og
opphengsforingar frå Veteranprodukter AB. Og etter nokre kveldar i
garasjen til broderen var det god lading, gnissinga i clutchpedalen og
viberasjonane i kadangen var borte. Vi var no klare for 250mil med moro.
|
|
Fredag
16.aug. var vi ferdig pakka. Vi var begge på arbeid, men når klokka nærma
seg 10.00 var vi så reisesjuke at vi tok oss fri resten av dagen og
hoppa i bilen. Første stopp vart etter berre nokre få mil på Vatne. Der stoppa vi på Slyngstad Reklame for å montere norske flagg med tilhøyrande navn i ekte rallystil. Så stoppa vi på Vatne Autosenter og justerte CO. Etter dette fekk PV`en rette lyden og vi la i vei. Veret var topp og vi køyrde med rutene nede og Creedence på full guffe. Livet er herlig dere!!!
|
![]() |
![]() |
På Bjorli kom neste stopp. Vi fekk auge på ein blodsenka 240 som stod med panseret åpent. Det slo oss at denne også skulle til Vallåkra. Og etter ein prat kunne vi konstantere at Romsdal også ville vere representert om berre han fekk lysa til å virke igjen. Litt sør for Dombås var tempen i cupeen så høg at vi måtte ha ein stopp for å skifte til noko meir komfortabelt (shorts), og på Vinstra var det tid for ein rast.
|
|
Når
vi byrja å nærme oss Oslo fekk vi virkeleg teste om reparasjonane i
mellomakselen var vellukka. Vi sat begge og kjende etter viberasjonar når
fartsgrensa no var 90km/t. Det pussige var at viberasjonane forsvant
heilt når fartsgrensa vart 100km/t. Det var vel ein beskjed frå bilen
at han likte seg best ”in the fast line”. Vi fekk mange rare blikk når
vi låg i venstre fil og passerte nye bilar. Mange ville vel ha kalla
oss ”harry”????. Når vi hadde passert Oslo var det blitt mørkt. Frode køyrde og eg satt og var veldig trøtt i passajersetet. Med eit høyrde vi ein lyd som om eit digert fly kom inn for landing. Vi lurte på kva det var, men vi slapp å lure lenge. For opp på sida av oss kom ein kompressormata Dodge Charger som drog på i det den passerte. Eg vart med ett lys vaken, for dette var ein opplevelse av dei sjeldne. Vi var begge enige om at vi ikkje skulle prøve å legge oss på hjul. |
![]() |
![]() |
Vi ville køyre til Halden før vi slo leir, så vi ringde til Langholmen camping for å høyre om vi slapp inn etter stengetid. Betjeninga var veldig snille og satt og venta på oss når vi kom fram kl.23.30. Det var berre å køyre inn og slå opp teltet. Svært god service!! Laurdag 17.aug. vakna vi til nok ein strålande dag. Vi lada kaffikanna, pakka i bilen og var på vei igjen i 9 tida.
|
| Etter ein ”pitstop” på Godishuset var det berre å dure i veg sørover. Vi var framme på Vallåkra litt over kl.15. Og for å finne fram fulgte vi berre etter den første og beste kamelonlakka Volvoen vi såg. |
![]() |
![]() |
Etter ein snartur innom treffområdet køyrde vi tilbake til Helsingborg der vi fann oss ein fin plass på campingen**. Etter å ha slått opp telt og tatt eit bad i ”Öresundet” var vi klare for cruising. ** Vi låg på ein vanleg campingplass, men det var to treffcampar som begge var godt merka. Ein på idrettsplassen og ein litt utanfor Vallåkra. Vi var rundt om på treffcampane og fekk då ein forsmak på kva vi ville få sjå på treffet. Her var alt ifrå originale PV60`ar til heilt nye S80`ar. Det var begynt å bli kveld og på campane var dei som skulle vere med på bilstereokonkuranse begynt å varme opp og stemninga var høg. Dette var ein opplevelse i seg sjølv. Vi vil også nevne at vi var langt ifrå dei einaste norske. |
| Søndag 18.aug. Vi visste at vi måtte nytte dagen for å rekke over alt vi skulle sjå. Så når klokka var 05.30 var vi ferdig pakka og seig ut frå campingplassen. Sola var i ferd med å stå opp og det glinsa i dugg over alt. Vi trudde vi var tidleg ute, men når vi nærma oss treffområdet var det alt lang kø. Men med 20års erfaring med å arrangere stortreff gjekk det ikkje lenge før vi var inne på området saman med dei andre PV`ane. Vi var einaste norske PV. |
![]() |
![]() |
Det første vi gjorde var å gå ei runde rundt heile området for å få oversikt og bestemme oss for kva vi ville bruke tid på. Treffet er så stort at det er ikkje muleg å sjå alt på ein dag, så vi la ein plan medan vi åt frokost. Deretter byrja vi med delemarkedet som var kjempebra, og arbeide oss vidare gjennom volvoklassene. Det er vanskeleg å sette ord på ein dag med så mange inntrykk så bilda får gje ein smakebit på kva ein kan sjå. Eit godt råd er i alle fall å ha med kamera og mange filmar. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
På
ettermiddagen var vi stinne av inntrykk, og sette då kursen heimover.
Planen var å rekke Halden og Langholmen camping før stengetid. Vi
hadde mykje og prate om, og i bagasjen hadde vi med oss ein del godbitar
frå delemarkedet. |
|
|
Dette var moro!! Helsing |
![]() |