Som
det står nedfelt i statuttane til Seaside Custom skal klubben sine
medlemmar bruke delar av kontigenten til å reise ilag på turar. Våren
2004 vart det derfor lagt fram eit forslag om å reise til Sverige på
Vallåkra treffet. Det vart enstemmig vedteke, og reiseplan vart
utarbeid. Ei
”husvagnsstuga” vart bestilt på Råå camping i Helsingborg og vi
beslutta å finne eit rimeleg hotell å overnatte på den første
natta.
Torsdag
12.8. var alle klare. Harald, Knut, Kolbjørn, Frode og Trond. 740`en
til Frode hadde fått prøvenummer for anledninga og skulle tjene som
framkomstmiddel 120 mil kvar veg. Pga den lange reisa hadde vi
beslutta å ta fri fredag og måndag, slik at vi ikkje måtte stresse.
Stemninga var høg når ferja la til på Austnes og vi var klare til
å køyre om bord (kl.15.20)
Første stopp
vart på Åndalsnes. Der fekk vi strekke på beina og dei som ville fekk
kjøpe seg litt ”digg”. Reisa gjekk så vidare i godt drev. Stopp på
Dombås, mat på Lillehammer og så ankomst Scandic Hamar kl.23.40. Sjølv
om det kunne bli ein prøvelse å sitte fem vaksne personar i ein bil
250 mil på ei helg, var alle ved godt mot etter dei første 40 mila. På
hotellet vart vi tatt godt imot og Kolbjørn fekk ligge i ekstraseng
utan tillegg i prisen.
Fredag
13.8. viste seg å bli ein strålande dag. Etter ei god natt søvn og
ein forfriskande dusj. Kunne vi innta ein betre frukost. Latteren sat
laust og alle var klare for ein dag i bil. Frode
og Trond tok ein snartur på Hamar for å få fiksa eit hjul som ikkje
var heilt i balanse og eit blinklys som hadde slutta å blinke. Når dei
kom tilbake var det framleis tid til ein kopp kaffi før avreise.
Første
etappe vart berre på eit kvarters tid. For ved Stange var det eit skilt
til motormuseet der. Vi
vrengde av vegen og tok ein time i selskap med gamle traktorar, bilar,
mopedar, motorsyklar og stasjonermotorar. Eit museum vel vert eit besøk.
Andre
etappe gjekk så til Kolbotn. Der stakk vi innom broren til Harald og
Knut som diska opp med kaffi og kjeks. Kl. 14.50 var vi igjen på veg og
no var Sverige neste stopp. Vi fekk kø frå Fredrikstad-krysset til
grensa så det gjekk litt treigt der, men når vi entra Godishuset på
Svinesund var det gløymt. Her såg vi og dei to første ”styla”
volvoane som var på veg til Vallåkra som vi. Vi snakka med dei andre
Vallåkra-deltakarane, inntok kjøttbullor og kjøpte Eddie Medusa på
cd før vi igjen susa vidare sørover.
Når sola gjekk ned i vest hadde vi framleis
eit
stykke igjen til destinasjonen i Helsingborg, men Eddie Medusa hjalp oss
å holde humøret oppe. Og når nokon ”raggarar” laga litt ”gummirøk”
for oss på ein bensinstasjon sør om Gøteborg vart ikkje stemninga dårlegare.
Kl.23.40
kom vi fram til Råå camping og sjekka inn i ”husvagnen” som
inneheld alt vi hadde bruk for av koke og sanitær utrustning. Til alt
overmål diska ein av tur deltakarane opp med ”smørgossar” til
nattmat.
 
Laurdag
14.8. gløtta sola inn i ”husvagnen” og vekte oss. Deileg sjøluft,
ny kokt kaffi, egg og bacon var vår oppvarming til ein dag i bilen og
bilbyggarane sitt tegn.
Kl.11.00 åpna portane til ”flygrakan”. Det var mykje folk alt frå
morgonen av, og dei fleste firmastandane var på plass. SCT,
Autoexperten, Sony, MH Styling, Volvo og MDS pluss mange mange fleire.
Litt
seinare på dagen var det Inline show med ”Styggejens” og 2-hjulsåkning
med ”Rallykalle” på ”Flygrakan”. Og på ettermiddagen var det målgang
for over 100 veteranlastebilar og bussar som hadde vert med på Pærlerallyet.
Kl.17.00
var første dag over. Vi returnerte til campen og fekk oss eit betre måltid
på Pizzariaen der før Trond og Frode køyrde inn til byen for å vaske
bil og gjere den klar for kveldens cruising.
Etter ei sosial stund ved bilvaskeplassen, der fleire av dei som skulle
stille ut dagen etter var for å pusse og polere, kom Trond og Frode
tilbake til campen for å plukke opp dei andre.
Ved
idrettsplassen, der treffcampen låg var stemninga alt høg når vi kom
forbi.
 
Ei heil skare av folk hadde tatt plass på begge sider av vegen og når
vi passerte var dei samstemte når dei ropte: BØRNA NU! BØRNA! Vi var
nok litt tunge for å dra i gang noko børning, men til gjengjeld var
det nok av dei som gjorde det. Vi parkerte og rusla rundt på
treffcampen godt underholdt av store stereoanlegg, prustande
dumpventilar og lukta av svidd gummi. Det var lavt skydekke av gummirøyk.
Og dei galnaste børnarane børna til det tok fyr i kanalskjørta.
Etter
å ha fått ein god dose av treffcampen reiste vi tilbake til campen vår.
Der traff vi og ein god del av dei som skulle delta neste dag. Her var både
svenskar og nordmenn og praten gjekk lett rundt telta og husvagnene.
Søndag
15.8 prøvde vi å stå tidleg opp, men sengene var gode og det vart
seint kvelden før. Så vi var ikkje ferdig pakka før kl.10.00, men då
hadde vi ete egg og bacon til frukost og vaska ut av ”husvagnen”.
Når vi kom til treffområdet var området byrja å bli fullt. Vi skulle
stille 740`en så vi kunne køyre rett inn, men området for 700-serien
var stappfullt så vi måtte køyre vidare opp over til fellesområdet.
Det var heilt fantastisk mykje å sjå. Vi splitta oss og avtalte
treffpunkt etter eit par timar. Det var så mykje å sjå at det går
ikkje å skrive, men bilda får vise ein smakebit. Det
var ca.1500 bilar som var utstilt. Og det vart registrert 19000 besøkande.
Ut
på ettermiddagen var alle stinne av inntrykk. Det kunne ein sjå på
det apatiske blikket. Det er nesten som ein unge i ein godteri
butikk…. Så kl.16.00 satte vi kursen nordover. Vi stoppa og åt på
vegen. Ellers var det berre å ete mil på mil. Det vart eigentleg ikkje
sagt så mykje på vegen, men ein kommentar gjekk igjen. Sitat: Steikje
det kor mykje det var å sjå der.
Rett
før Svinesund tok vi igjen
køen og den sleit vi i grunnen med til forbi Halden krysset.
Østfold
gjekk også treigt, men når Oslo var passert gjekk det greit. Vi rakk
fram til Scandic på Hamar seint på kvelden. Det var steikje godt å
legge seg og samtlege drøymde om ville customprosjekt.
Måndag 16.8
kom taleevna tilbake. Vi kosa oss med frukosten og praten gjekk om
lambo-dører, lettisar på pv og kupeversjonar av 740`en. Det var ingen
tvil om at vi hadde fått årets vitamin innsprøyting på denne turen.
Omsider starta vi på siste etappen og susa heimover. Eit stykke opp i
Gudbransdalen møtte vi regnet som hadde holdt seg borte dei andre
dagane.
Vi kan
berre takke dei svenske eldsjelene som har fått Vallåkra treffet til
å bli den årlege festen som det er. Vi kjem heilt sikkert til å ta
turen tilbake.
Og
til de som les dette kan vi berre seie at dette må prøvast. Vi brukte
900kr til depositum påhusvagna frå klubbkassa, 1000kr kvar til bensin,
prøveskilt, husvagn 1døgn og 500kr kvar til 2døgn på hotell. Ein del
lommepengar bør ein og rekne, i tilfelle ein finn noko "godis"
på delemarkedet.
Tekst: Frode Ravnestad
Foto: Trond & Frode Ravnestad
Bilder:
Laurdag &
Søndag &
Galleri 1 |