![]() Bilder i fra Valläkra 2006: Galleri 1 Galleri 2 Galleri 3 Galleri 4 Galleri 5 |
Torsdag 17.08.06![]() Endeleg tid for Valläkra igjen... No hadde vi telt dagar i eit halvt år , og endeleg var dagen for avreise komt!!! I år var vi fleire som skulle avgårde, og etter og ha telt alle hauda på fergekaia på Austnes, kunne vi konstatere at vi var 7stk reisesugne kara som var klar for ei langhelg med bil, bil, bil og bil!!! Dei oppmøtte var disse gamle travarane: Harald Otterlei, Kolbjørn Rogne, Knut Otterlei, og meg sjøl Trond Ravnestad. Og så hadde vi med oss disse nye fjesa i reisefølget: Helge Klokk Austnes, Stig Are Husevåg og Frode Standal. Frode stilte opp med nyvaska Volvo, og Helge med sin Peugot, som skulle tene som våre framkomstmiddel heilt fram til Helsingborg og Valläkra i Sverige. Målet denne dagen var SAS hotellet på Lillehammer. Første stopp vart allereie i Brattvåg.Der fylte vi "Full tank JA", før vi dura vidare til Tretten der det var tid for ei ny pissepause. Der sto der to flotte Indian motorsykklar, som måtte inspiserast.... fine syklar og ikkje minst..... for ein lyd!!!! Etter og ha køyrt feil vei i nokre enveiskøyrte gater og prøvd ut nokre sykkelstiar, så fann vi endeleg fram til SAS hotellet på Lillehammer. Vi sjekka inn, og etter dette vart det tid til nokre "hallisar" ute i det fri, før vi gjekk til sengs denne kvelden!!!! Fredag
18.08.06Etter ein god frokost på SAS hotellet, utan majones??? (Livets salve som Kolbjørn likar og kalle det), var vi på vegen allereie i 9-tida!! Vi køyrde uten stopp heilt til Strømstad, der vi fekk bonkra og strekt litt på beina. Så gjekk det radigt vidare til Gøteborg.... meir bensin og mat der, før vi tok fatt på siste etappen mot Helsingborg. Når vi ankom Valläkra, stakk vi først opp om utstillingsområdet, for å sjå om der var
noko liv der. Der var ganske stille og tomt der.... men vi såg så vidt eit
lite glimt av PV Roadsteren til "Namn", og eit par andre feite bilar bak om
innhegningane!!! Vi krusa vidare forbi bilbyggar campen og så til Miatorp Vandrarhem, som skulle vere vårt husly for helga. Vi sjekka inn der, før vi fann ei pizza sjappe likeved, for å få i oss litt sårt etterlengta føde!!! Det var begynt å bli ganske seint, men vi hadde lyst til å få
med oss litt action før vi gjekk til sengs, så vi tok oss ein siste tur
oppom bilbyggar campen for å sjå om der var komt noko meir folk no??? Her
var det begynt å fyllast opp med styla og ombygde bilar, store anlegg og
masse festklare folk!!!! Og på vegskuldra inn mot campingen, sto der slik
som alltid før masse folk som oppfordra til vill og uhemma "børning"!!! Vi
prøvde ikkje å lage noko røyk for publiken, men der var nok av dei som
gjorde det!!! Vi kunne ikkje anna en å flire når vi fekk slengt etter oss
komentara slik som "Børna nu!!! Visa tøserna hur man spinner hjul" og "Børna
nu!!! Du har ju TIC for faen". Etter ei spaserrunde på treff campen, vende
vi nasa mot vandrarheimen, for ei god natts søvn!!!Laurdag 19.08.06 ![]() Vi vakna spente og klare, for ein heil dag med berre bil bil bil og atter bil. Vi et frokost på vandrarheimen, før vi heiv oss i bilane og for opp til "flygrakan" (utstillingsområde) på Valläkra. Veiret var ganske grått, og det regna til tider heftig. Men det skal meir en berre litt regn til, for å hindre oss i å sjå nokre av dei feitaste bilane i Europa. Det som var og sjå på utstillingsområdet og på "flygrakan" kan du sjå i dei fem bildegalleria som vi har lagt ut. Burde vere nok til å gi eit lite intrykk av kva som var å sjå der!!! Ut
på ettermiddagen satte vi kursen mot Helsingborg for å finne oss litt mat.
Vi fant oss ein resturang omtrent mitt i eit lyskryss i håp om å få sjå ein
del av utstillingsbilane som forhåpentlig vis var ute og krusa. Vi traff
blink med valg av resturang!! Maten var nydelig, og i løpet den stunda vi
sat der, fyldest gatene opp med feite bilar i alle variantar. Nye og gamle,
orginale og ombygde bilar krusa gatelangs medan vi kunne sitte der og nyte
både maten og utsikta. Etterkvart som folk samla seg langs med gata, starta
bilane og deira respektive eigara og vise seg meir og meir fram, og det tok
ikkje lange stunda før dekkrøyken låg tjukk over oss og ein heil skare med
folk bort etter gata!!![]() Der var til tider ganske ville tilstandar, og på veiskuldra og på midtrabattane, sto folk for å sjå kva som gjekk føre seg i Helsingborgs gater denne kvelden. Og for oss bilfrelste, som likar lukta av brent clutch og svidd gummi, var opplevelsane denne kvelden, i seg sjølv verdt heile turen!!! Litt over kl.23.00 kom "polisen" og sperra gata, for og få løyst opp folkemassene, slik at ein igjen kunne få ro og orden. Vi kunne sjå tilbake på ein magisk kveld, og krype til køys, vel vitande om at morgendagen kunne by på endå meir. Då starta den virkelege utstillinga. ![]() ![]() Søndag 20.08.06 Nok ein grå dag møtte oss når vi vakna søndags morgonen, og når vi kom opp til parkerings område på "flygrakan", var den grøne sletta blitt forvandla til noko som likna meir ein potetåker. Vi brukte dagen til og studerer alle dei feite bilane, og igjen vil eg vise til galleria som er lagt ut. Det nyttar ikkje og beskrive alt det som er å sjå på dette treffet med ord. I firetida var alle stinne av inntrykk, og vi valgde og vende nasa mot SAS hotellet på Lillehammer igjen. Vi ankom Lillehammer ved midnattstider, og då beslutta vi og ta ein halvliter før vi gikk til sengs. I baren nede i kjellaren på SAS hotellet, sat der ein trubadur som holt eit fela liv, i tillegg til at der var "stinn brakke", så det vart ikkje akkurat berre ein halvliter denne kvelden nei.... Mandag
21.08.06Vi starta dagen med ein skikkeleg frokost på hotellet (denne gangen med majones), før vi fortsatte heimturen vidare oppover gubransdalen. Vi var heime på Nordøyane ut på ettermiddagen, fulle av inspirasjon til å fortsette arbeidet på våre eigne prosjekt, gjennom vinteren!!! Det blir ikkje siste gong Seaside Custom tar turen til Valläkra!! Tekst: Trond Ravnestad |
Bilder
i fra Valläkra 2006:Galleri 1 Galleri 2 Galleri 3 Galleri 4 Galleri 5
|