V E D T E K T E R   F O R   S E A S I D E   C U S T O M

 
§1 Klubben sitt navn

- Klubben sitt navn er Seaside Custom, navnet forkortast SSC.

 

§2 Formål

- Seaside Custom er ein klubb for motorinteresserte. Med motorinteresse meinar ein interesse   for det mekaniske/tekniske ved        tråsyklar, tråbilar, mopedar/mc, traktor, bilar, lastebilar, bussar og båtar. Eininga kan vere ein gammal klassiker eller av nyere  jvdato.  Alle merker er velkomne.

- Klubben jobbar for at medlemmane skal ha eit fellesskap/samlingspunkt der det er råd å diskutere og/eller hjelpe kvarandre   ximed reparasjon/restaurering/ombygging.

- Klubben skal arrangere møter, turer og treff til felles hygge.

- Klubben skal samarbeide med andre klubbar og organisasjonar som kan vere til støtte for klubben si drift og målsetting.

- Klubben sine medlemmar følger vegtrafikklova og køyretøylova.

- Som medlem av klubben pliktar ein å følge klubben sine vedtekter, om ein ikkje gjer det er konsekvensen at ein vert ekskludert   xietter ei skrifteleg advaring.

 

§3 Medlemskap

- Innmelding kan skje ved henvendelse til eit styremedlem eller via heimesida

- Medlemskapet blir effektiv etter innbetaling av første kontingent

- Styret har rett til å avslå søknad om medlemsskap eller ekskludere eit eksisterande medlem som ikkje fylgjer vedtektene i xiklubben.

- Utmelding frå klubben må gjerast skrifteleg til styret.

- Om kontingenten ikkje blir betalt, går medlemskapet ut etter 4 mnd.

- Medlemmer under 18 år kan teikne juniormedlemskap. Familiemedlemmer av hovedmedlem kan teikne familiemedlemskap.

- Det er ikkje noko aldersgrense for å vere medlem nedover eller oppover, men det kan vere at klubben må setje aldersgrenser på xiarrangement.

 

§4 Medlemskontingent

- Medlemskontingenten fastsettast på årsmøte av styret

- Medlemsskapet forfaller ved innmelding og kvar 1. januar.

 

§5 Styret

- Styret i klubben er dei opprinnelige 9 medlemmane i klubben, inntil kausjonistansvaret for byggelånet er frafalt.

- Styret skal holde årsmøte der årsmelding og regnskap vert lagt fram.

- Styret er beslutningsdyktig når minst 3 personer er til stade.

- Styret kan innkalle medhjelpere til å delta på styremøtet, men då utan stemmerett

 

§6 Leige av plass i klubblokalet.

- Klubblokalet er eigd av klubben sine medlemmar.

- Forsikring av køyretøy/lausøyre i klubblokale. Kvar enkelt medlem er ansvarleg og pliktig i å forsikre sine eigendelar/køyretøy  xisom er oppbevart i klubblokala.

- Klubben er ikkje ansvarleg for private verktøy og køyrety.

- Ved leige av langtidsmekkeplass har leigetakar og utleiger 1mnd gjensidig oppseiingstid.

- Dei som leiger plass skal vere medlem av klubben.

- Eigne reglar for leige av plass og ordensreglar vert slått opp.

 

§7 Endringer i vedtekter

- Vedtekts endringar vert gjort av medlemmane, på årsmøte/generalforsamling.