Rover SD1 i Breim!





Det var med stor interesse vi vitja gardstunet i Holegjeilane på søndag.
Der hadde vi sett to SD1ar nedanfor fjøsen, og når vi kom inn på tunet
sto det to til.

Etter mine Rover SD1-kunnskaper er dette ein serie II VandenPlas.
Denne såg relativt bra ut.



Bilane tilhøyrer Kjell Myklebust som har vore svak for denne biltypen i lang tid.
No har denne bilinteressa smitta over på døtrene.
Det er skinninteriør i ein bruntone i denne bilen.
Meininga er at ei av døtrene skal ha denne å cruise rundt i.


 








Dette er ein Vitesse som er henta frå Irland.
Cool spoiler, men ellers er han litt muggen i kantane.
 

 

 

Dette er ein Serie I.
Denne bilen er original.

 

 

Denne bilen vart eg mest forelska i.
Fin farge og spesielle felgar.
Eit av kjennemerka på at dette er en tidleg modell er
den rette nederkanten på bakruta.

 

 

Dette er også ein tidleg modell.
Den er utrusta med skikkeleg 80-tals styling
og har spesielle felgar.

 

 

Stylingsettet er komletert med raud refleksplate som det står Rover SD1 på.
Her bør vi hive oss rundt karar å støype av stylinga.
Det er avklart med eigaren.

 

 

Det er kjekt å sjå at Rover Modena Edition skissa i kladdeboka
verkeleg kan gjennomførast.


Det var kjekt å snakke med Kjell og faren Åge. Kanskje vi får eit besøk
om ikkje så lenge. Det hadde vore kjekt.
 

PS: Åge og Magnhild Myklebust driv Breim Gardsmat og dei har blant
anna Breimspølse! Tlf 958 44 913.