Volvo 740 GL 1987modell.
Kjøpt nov.1997. for 79000kr.
Har gått 381000 km pr.dd.
Motor: original B230K 116hk.
5trinns kasse.
Bilen er tilnærma original.
14x6 alufelgar frå 240 classic.
Turbo krengingshammere f/b.
Nivåmat dempere bak frå 940.
R-sport setetrekk.


Framme er det gjort nokre små justeringer. Kvite bliklysglas framme og på skjermane er montert og i grillen er Volvo emblemet henta frå ein nyare modell.


Her er bildet til alle som ikkje forstår seg på Volvo. Traktoren er den grøne med hengar.
Men 740`en er ein god bruksbil, god å drage hengar og campingvogn med og har stort bagasjerom.

I 740`en vår har vi installert eit multimedia anlegg.
Det anlegget består av hovedenhet frå Pioneer med DVD, radio og navigasjon. I tillegg er det montert TV-tuner. Bak er det 7" skjermar i nakkestøttene med trådløse høreklokker.
Hovedenheten har Dual sone som betyr at vi kan sende lyd og bilde bak til skjermane medan vi har tilgang til radio, navi og tv framme med lyd fra høgtalerane i bilen.
Mobilen er kobla opp mot anlegget via bluetooth slik at den kan brukes Handsfree.
Det er også muleg å koble til Ipod-adapter slik at Ipod`n kan styrast frå hoved enheten eller ein kan koble ein annan MP3-spelar inn på AUX-inngangen og høyre all musikken sin i bilen.

Har prøvd å montere komponentane slik at det ser ut som det er originalt.


Høgtalarane i framdørene er 5.25" JBL GT som er montert bak dei originale gittera.


Diskantane til framsettet er nedfelt i dashbordet.


Skjermane er frå PYLE og har innebygd IR-sendere for lyden. Skjermane er innfelt i nakkestøttene.

Her er 740`en i sitt rette element. I sommar har den vore trekkvogn for heile familien på ferie.
Vogn på 1600kg gjer at ein må jobbe med girstanga for å holde koken, men gjer ein det er det ikkje noko problem å holde følge. I alle fall ikkje i Norge.
Den brukte 1.4l/mil med vogn og det er heilt ok.

Bildet er tatt på Prinsen Camping i Ålesund. Det er ein svært fin camping, og eit fint utgangspunkt om ein vil sjå Ålesund og omegn.


Litt før ferien og i ferien gjekk 740`en "rusje" på tomgang. Nesten som ein blodtrimma racer. Sidan dette er ein K-forgassar, som svært få Volvo verksted vil vere bekjent med, var det ikkje så enkelt å få svar på kva det kunne vere. Men etter ein telefon Til Magne Morisgård på Volvo på Sandane fekk eg lov å kome på drop in time. Ein av ringrevane på verkstedet der kunne fortelle at det var pakningane mellom innsugningsmanifolden og gassaren som var dårlege.
Dei hadde diverre ikkje pakningane på lager så når vi kom heim var det berre å skaffe deler og ta fram verktøyet.

Innsuget utan forgassaren. Det er greit å demontere, men ein må holde styr på alle slangane. Det lønnar seg å bytte gummiovergangane som er T- og L-forma når ein likevel held på.

Dei gamle pakningane hadde takka for seg.

Nye fine pakningar rett frå Ålesund bil.

Etter at pakningane var på plass gjekk bilen svært mykje betre på tomgang. No nappar den litt på lave turtal når ein ikkje har drag, men det trur eg er fordi den får for lite havre. Det får vi sjå på så snart vi kan.


Antenna på bilen har vore knekt ei stund og no hadde eg endeleg fått tak i ei ny.

Ny antenne. jobben å skifte er gjort på 5min. Alt er tilpassa det originale kabelnettet.