Det heile starta då nokre av dagens medlemmar traff kvarandre under ein ”festivitas” på Rogne.
Der viste det seg at alle hadde eit bilprosjekt på gang, men ingen hadde nokon plass å halde til med dette.

I etterkant vart det arrangert fleire møter der ein kunne diskutere hobbyen i fellesskap, fleire kom innom og vi skjøna at vi ikkje var åleine om å ha denne motorinteressa. Vi starta arbeidet med å finne eit eigna lokale som ein kunne leige. Eit gamalt fjøs på Rogne vart løysinga, og dugnaden med å ruste det til ”mekkelokale” kunne starte.

Sidan etableringa i 2003 og fram til 2018 holdt Seaside Custom hus i den gamle fjøsen på Rogne, men allereie i 2006 var vi i gang med  forberedelsane til å bygge vårt eige klubblokale. I 2009 starta vi bygginga av det som i dag er Seaside Custom-hallen på Rogne, med offisiell opning av verkstadhall og klubbrom i 2018. I 2024 starta vi arbeidet med å røyse lakkhallen. SSC har lagt ned utallige dugnadstimar på dette klubblokalet, som i dag er ein møteplass for motorinteresserte på øyane og omegn.

Namnet Seaside Custom
Då klubben vart stifta 25. januar 2003 så måtte vi ha eit namn, og «Custom» var eit samlande begrep. Bilar og motorsyklar som er bygde om, styla eller på andre måtar skil seg ut frå mengda, er det som fascinerer oss. Sidan vi held til på øyar med hav og sjø på alle kantar, passa «Seaside» perfekt. Derav namnet Seaside Custom. SSC-logoen vart designa av Trond Ravnestad på same tid. Logoen har akkurat som namnet, vore med oss heilt sidan starten og blitt eit kjent symbol på klubben.