Seaside Custom (SSC) er ein klubb for bil- og motorinteresserte på Flemsøy/Skuløy i Haram kommune. Klubben har eigen verkstadshall og klubblokale på Rogne, og har i dag rundt 100 medlemmar. Av desse er vel 50 aktive medlemmar med tilgang til verkstadshallen og klubblokale.
SSC dyrkar lidenskapen, interessa og fellesskapet rundt alle typar køyretøy. Vi ønskjer å vere ein sosial møteplass for alle som likar køyretøy, motor og mekking på Nordøyane og i omlandet – ein stad der ein kan utøve hobbyen sin, lære av kvarandre og dele erfaringar.
Verkstad og utstyr
SSC-hallen har eit godt utstyrt fellesområde med mellom anna tre løftebukkar, sveisekrok med sveiseapparat, platesaks, plateknekke, presse, valse og søyleboremaskin, i tillegg til anna nyttig fellesutstyr. Klubben har ni mekkeplassar som blir leigde ut på månadsbasis, og vi har også (etterkvart) eigen lakkboks. SSC-hallen er bygd heilt frå grunnen av på dugnad, i perioden 2009 og fram til i dag.
Garasjekveld kvar tysdag
Kvar tysdag gjennom heile året er det garasjekveld i lokala våre på Rogne. Her møtest medlemmane for å skru, prate, utveksle erfaringar og ikkje minst nyte godt av det gode fellesskapet rundt motorinteressa.
Du er hjarteleg velkomen til å ta turen innom og dele motorinteressa di saman med oss!
Aktivitetar gjennom året
Seaside Custom arrangerer fleire aktivitetar gjennom året. På programmet står mellom anna:
Garasjekveldar
Vårslepp (Cars & Coffée, open garasje)
Cruisingar gjennom sommarhalvåret
Delta på andre motorrelaterte aktivitetar

Seaside Custom klubblokale og verkstadhall

Seaside Custom er lokalisert på Flemsøy/Skuløy i Haram Kommune, midt i øyrekka Nordøyane nord for Ålesund. Nordøyane er knytt til fastlandet via fastlandssambandet Nordøyvegen Fv. 659